Gjøra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjøra er ei bygd i Sunndal kommune i Møre og Romsdal. Bygda ligg lengst aust i Sunndalen, 36 kilometer frå kommunesenteret Sunndalsøra, ved åmotet mellom elvane Driva og Grøvu. Til jarnbanestasjonen på Oppdal er det 40 km. Riksveg 70 passerer gjennom bygda i retning aust-vest.

Fem kilometer sør for Gjøra ligg Jenstadjuvet, der fire elvar møtest med fleire sjåverdige fossefall. Namnet Gjøra skal i fylgje Eivind Vågslid og Norsk Allkunnebok vere ei samansetjing av giǫgr (bergklove) og vin (eng)[1]

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk Allkunnebok. V. Bandet:299

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954