Møre og Romsdal fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Møre og Romsdal)
Gå til: navigering, søk
Møre og Romsdal fylke
fylke
fylkesvåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Adm.senter Molde
Areal 15 114 km²
 - land 14 614 km²
 - vatn 500 km²
Folketal 266 856 (1. januar 2018)
Folketettleik 18 / km²
Målform nynorsk
Fylkesmann Lodve Solholm
Fylkesordførar Jon Aasen (Ap)
Fylkesnummer 15
Norway Counties Møre og Romsdal Position.svg
Wikimedia Commons: Møre og Romsdal
Nettstad: www.mrfylke.no

Møre og Romsdal fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar i aust og nordaust til Trøndelag fylke, i søraust til Oppland fylke, i sør til Sogn og Fjordane fylke og i nordvest ut mot norskehavet.

Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.

Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.

Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.

Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.

Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.

Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmansdistrikt.

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
1502 Molde kommune Molde Molde 000000000026900.000000000026 900 363 nøytral Romsdal
1504 Ålesund kommune Ålesund Ålesund 000000000047510.000000000047 510 98 nøytral Sunnmøre
1505 Kristiansund kommune Kristiansund Kristiansund 000000000024300.000000000024 300 87 nøytral Nordmøre
1511 Vanylven kommune Vanylven Fiskåbygd 000000000003187.00000000003 187 385 nynorsk Sunnmøre
1514 Sande kommune Sande Larsnes 000000000002522.00000000002 522 93 nynorsk Sunnmøre
1515 Herøy kommune Herøy Fosnavåg 000000000008965.00000000008 965 120 nynorsk Sunnmøre
1516 Ulstein kommune Ulstein Ulsteinvik 000000000008555.00000000008 555 97 nynorsk Sunnmøre
1517 Hareid kommune Hareid Hareid 000000000005150.00000000005 150 82 nynorsk Sunnmøre
1519 Volda kommune Volda Volda 000000000009188.00000000009 188 547 nynorsk Sunnmøre
1520 Ørsta kommune Ørsta Ørsta 000000000010812.000000000010 812 805 nynorsk Sunnmøre
1523 Ørskog kommune Ørskog Sjøholt 000000000002267.00000000002 267 132 nynorsk Sunnmøre
1524 Norddal kommune Norddal Valldal 000000000001670.00000000001 670 944 nynorsk Sunnmøre
1525 Stranda kommune Stranda Stranda 000000000004587.00000000004 587 866 nynorsk Sunnmøre
1526 Stordal kommune Stordal Stordal 000000000000972.0000000000972 247 nynorsk Sunnmøre
1528 Sykkylven kommune Sykkylven Sykkylven 000000000007695.00000000007 695 338 nynorsk Sunnmøre
1529 Skodje kommune Skodje Skodje 000000000004680.00000000004 680 120 nynorsk Sunnmøre
1531 Sula kommune Sula Langevåg 000000000009131.00000000009 131 59 nynorsk Sunnmøre
1532 Giske kommune Giske Valderøya 000000000008292.00000000008 292 40 nynorsk Sunnmøre
1534 Haram kommune Haram Brattvåg 000000000009345.00000000009 345 261 nynorsk Sunnmøre
1535 Vestnes kommune Vestnes Vestnes 000000000006559.00000000006 559 352 nynorsk Romsdal
1539 Rauma kommune Rauma Åndalsnes 000000000007507.00000000007 507 000000000001502.00000000001 502 nøytral Romsdal
1543 Nesset kommune Nesset Eidsvåg 000000000002946.00000000002 946 000000000001046.00000000001 046 nynorsk Romsdal
1545 Midsund kommune Midsund Midsund 000000000002049.00000000002 049 95 nynorsk Romsdal
1546 Sandøy kommune Sandøy Steinshamn 000000000001263.00000000001 263 20 nynorsk Romsdal
1547 Aukra kommune Aukra Aukra 000000000003557.00000000003 557 59 nynorsk Romsdal
1548 Fræna kommune Fræna Elnesvågen 000000000009775.00000000009 775 369 nøytral Romsdal
1551 Eide kommune Eide Eide 000000000003440.00000000003 440 152 bokmål Nordmøre
1554 Averøy kommune Averøy Bruhagen 000000000005859.00000000005 859 176 nøytral Nordmøre
1557 Gjemnes kommune Gjemnes Batnfjordsøra 000000000002623.00000000002 623 382 nøytral Nordmøre
1560 Tingvoll kommune Tingvoll Tingvoll 000000000003078.00000000003 078 337 nøytral Nordmøre
1563 Sunndal kommune Sunndal Sunndalsøra 000000000007119.00000000007 119 000000000001713.00000000001 713 nøytral Nordmøre
1566 Surnadal kommune Surnadal Skei 000000000005978.00000000005 978 000000000001365.00000000001 365 nynorsk Nordmøre
1567 Rindal kommune Rindal Rindal 000000000002039.00000000002 039 632 nøytral Nordmøre
1571 Halsa kommune Halsa Liabø 000000000001571.00000000001 571 301 nøytral Nordmøre
1573 Smøla kommune Smøla Hopen 000000000002172.00000000002 172 282 nøytral Nordmøre
1576 Aure kommune Aure Aure sentrum 000000000003593.00000000003 593 644 nøytral Nordmøre
Totalt Møre og Romsdal våpen.svg Møre og
      Romsdal
Molde 000000000266856.0000000000266 856 000000000015144.000000000015 144 nynorsk Møre og
Romsdal

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]