Gjermund Landrø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjermund Landrø
Gaate Hamar.jpg
Fødd9. februar 1980
FødestadRennebu
OpphavNoreg
Instrumentvokal
Verka somsongar, musikar

Gjermund Landrø (fødd 9. februar 1980) er ein norsk musikar frå Rennebu. Han er mest kjend som bassist i musikkgruppa Gåte, der han òg var vokalist på einskilde songar.

Landrø var med på å gje ut fleire EP-ar og to cd-ar med Gåte. Etter at bandet vart oppløyst i 2006, vart han bassist i det nyoppstarta bandet New Violators saman med Per Borten, Even Granås, Hans Frønes og Håkon Pettersen. New Violators har eit stort lydbilete med mykje piano og ein del synth. Ifylgje Landrø sjølv er det new wave-rock med skikkeleg popstruktur på låtane og ein touch av Bruce Springsteen.

Bandet turnerte på diverse festivalar i 2006. I 2009 sleppte dei debutplata New Violators.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]