Bruce Springsteen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bruce Springsteen

Fødd23. september 1949 (74 år)
FødestadLong Branch
FødenamnBruce Frederick Joseph Springsteen
AliasThe Boss
OpphavUSA
Aktiv1969–
Sjangerrock
Instrumentgitar, munnspel, piano
Stemmetypebaryton
PlateselskapColumbia Records
Verka somsongar, låtskrivar, pianist, gitarist, musikkprodusent, plateartist, komponist
Gift medJulianne Phillips, Patti Scialfa
Sambuar medKaren Darvin
BornJessica Springsteen
PrisarMusiCares Person of the Year, Rock and Roll Hall of Fame, Presidentens fridomsmedalje, New Jersey Hall of Fame, Kennedy Center Honors, MTV Video Music Award for Best Male Video, MTV Video Music Award for Best Stage Performance, MTV Video Music Award – Viewer's Choice, MTV Video Music Award for Best Video from a Film
Bruce Springsteen

Bruce Frederick Joseph Springsteen (fødd 23. september 1949) er ein amerikansk songar og gitarist. Han speler ofte live saman med E Street Band. Dei mest populære albuma hans er Born to Run og Born in the U.S.A..

Han nemner sjølv at Elvis' på Ed Sullivan Show i 1956 var det store augneblinken då han opplevde magi. Vidare nemner han Roy Orbison som ved sida av Johnny Cash var den andre «Man in black». Phil Spectors «wall of sound» og dei kule Beatles var også viktig lærdom for den unge Springsteen. Han var inspirert både av dei «rå» Animals og «silkelyden» frå Motown, men det var Bob Dylan som «gav oss orda» om alt som betydde noko. Som vaksen fann Springsteen også vegen til countrymusikken og Hank Williams «gjekk frå museumsgjenstand til levande». «Countryen var provinsiell, det var eg og. Eg var ikkje downtown,» skriv Springsteen sjølv. Til slutt oppdaga han gjennom Woody Guthrie også poesi som fanst før Dylan.[1]

E Street Band[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar at E Street Band vart starta i oktober 1972, sjølv om dei ikkje var offentleg kjent før i september 1974. [1] Frå slutten av 1988 til tidleg i 1999 spelte ikkje bandet, bortsett frå ein reunion i 1995.

Noverande medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmer[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Springsteen, Bruce: "Mine eigne læremeistrar." Essay i Dag og Tid, 21.desember 2012 s.28.
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.