Gjertrudsmesse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gertrude av Nivelles, avbilda i Östra Sönnarslövs kyrkje i Kristianstad

Gjertrudsmesse, gjertrudsdagen eller byrkjedøgra den 17. mars er ein merkedag som opphavleg vart feira til minne om heilage Gjertrud, som levde på 600-talet som dotter til kong Pipin den eldre og var abbedisse i Belgia.

Primstavmerket for dagen er ei pil, ein kross eller ei grein.

Etter norsk folketradisjon byrja bjørkesevja å stige denne dagen. Sju veker seinare ville bjørka ha lauv.

Ei anna overlevering fortel at det gjerne var storm og uvêr denne dagen. I Solør sa ein om Gudmunds-dagen 16. mars at om det snødde då skulle Gudmund «legge rågån på kornkarrene». Om det framleis snødde dagen etter skulle Gjertrud «sope rågån av kornkarrene».[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dybdahl, Audun (30. mars 2020). «gjertrudsmesse». Store norske leksikon (på norsk bokmål).