Kristianstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 56°1′45″ N 14°9′24″ E

Kristianstad
Horisonten til Kristianstad
Horisonten til Kristianstad
Byvåpenet til Kristianstad
Byvåpenet til Kristianstad
Styresmakter
Län
Landskap
Land
Skåne län
Skåne
Sverige
Geografi
Flatevidd 17,69 km²
Innbyggjarar 35 711
Innbyggjarar
 - By (31. desember 2020)

41 299
Tidssone
- Ved sommartid
UTC+01:00, UTC+2 (UTC)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Heimeside: https://www.kristianstad.se/

Kristianstad (uttalt IPA[krɪ'ɧansta]) er ein by i nordaustre del av Skåne län og administrasjonssenter i Kristianstads kommun. Kristianstad er den fjerde største tettstaden i Skåne, med 33 083 innbyggjarar (2005).[1]

Kristianstad var fram til og med 1996 residensby i Kristianstads län, som vart tatt opp i Skåne län i 1997. Sidan i tillegg vart landstinget slått saman til Region Skåne, vart byen frå 1999 administrasjonenssete. Kristianstad har i løpet av dei siste dryge femten åra gått frå ein utprega garnisons- og forvaltningsby til ein utvikla handelsstad med eit stort nedslagsområde som omfattar nordaustre Skåne, vestre Blekinge og nordre Österlen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1612 avgjorde kong Christian IV å byggje ein ny sterkt befesta by i det nordaustlege Skåne, etter at den nærliggande byen var vorten øydelagd av svenskane. Byen, som fekk namn etter sonen til kongen, den utvalde prinsen,[2] skulle danne bolverk mot svenskane og utviklast til ein moderne handelsstad.

Plasseringa på Allön var glimrande for ein festningsby. Herfrå kunne ein sjå landskapet til alle sider, og Helgeån danna seglveg for små fartøy og vareutveksling med omverda. Med i avgjersla var at Vä og Åhus sine borgarar skulle folkesetje den nye byen, samstundes som dei to nemnde byane mista sine byprivilegium.

Pga Allöns mudra og ustabile grunn, viste dette seg å bli vanskeleg. Festningsverk og bygningar måtte fundamenterast ordentleg, fordi vasspegelen store delar av året stod over det normale. Store mengder stein vart difor frakta over til øya via ei bru. Likevel kunne ein ikkje unngå at det oppstod senkingar og utsklidingar av vollane.

Festningsbyen[endre | endre wikiteksten]

Christian IV av Pieter Isaacsz.

Planen for festningsbyen låg ferdig i 1614, utferdiga med inspirasjon frå stadsbyggingsideane i renessansen og med bastionar av jordvollar etter nederlandsk mønster, der det omliggande terrenget danna eit vollgravsystem. Den einaste tilkomsten for ålmenta gjekk frå sør via porttårn og bru. Gatenettet vart regelrett og inndelt i kvartal med plass til handelstorg og representative formål. Det einaste som braut symmetrien var den veldige Trefoldighetskyrkja.

Modell over den opphavlege byen.

I tillegg til kyrkja lét kongen òg oppføre ein større representativ bygning på Kongl. Maytts Platz, som i dag inngår i lensmuseumet i byen. Vidare bygde han ein skule nær kyrkja og dessutan eit hospital med tilhøyrande kyrkjesal og tårnbygning. Resten av husa i byen forventa han at dei nye borgarane ville byggje. Byen skulle endå vere presentabel, så han bannlyste gemene hytter og tillét ikkje stråtak pga. brannfaren.[3]

Tavle på hus i Västra Storgatan med namnene Mavritz Dreves og Bodil Nielsdatter, ein tysk skomaker med dansk kone.Lauring, Palle: Danmark i Skåne, Gyldendal, 1999. Nedst kan ein sjå ein remsnitterkniv og ein skor. Verset lyder: Wo Gott Svm Haus Nicht Gibt Sein Gvnst, So Arbeit Ieder ein vmb Sonst.

Helst såg han at det vart oppført steinhus, men godtok at kjøpmenn og borgarar frå Væ gjenoppførte bindingsverkshus med material frå den nedlagde byen. Dei fornemste byggegrunnane ved Store Torv, nær den påtenkte slottsbygningen, var berre for viktige personar, medan kjøpmenn heldt til omkring Vesle Torvet. Handverkarar blei vist til mindre representative bakgater.

Av omsyn til avrenning vart det grave ein kanal tvers igjennom byen. Den 470 m lange brua ut til øya stod heilt ferdig i 1616, og det vart bygd nye vegar for å knyte den nye byen saman med resten av Skåne og Blekinge. Seglleia til Austersjøen blei forbetra ved graving av kanalar til munningen av Helgeån ved Åhus.

Christianstad vart såleis eit revolusjonerande anlegg i Norden, den første moderne byen i full skala utan dei kroka gatene og streta til mellomalderen, med ein open og luftig busetnad.

Svensk tid[endre | endre wikiteksten]

Danske soldatar gjenerobrer Christianstad 1676, måleri av Claus Møinichen, 1686.

Byen vart saman med Skåne overgjeve til Sverige ved freden i Roskilde 1658, men vart i ein kort periode erobra tilbake i 1676. Det siste forsøket på tilbake-erobring var i 1710, som berre varte éin månad.

På slutten av 1600-talet fanst i husa i alle gatene mange kjøpmenn og omkring hundre handverk­meistrar.[3] Dei viktigaste eksportvarene til byen var i sær bek, tjære og potaske som kunne framstillast frå dei store skogane mot nord. Nederlandske og tyske agentar høyrde til handelsmennene til byen, nokre av dei hadde eigne handelsskip som seglte på europeiske hamner. Ved midten av 1700-talet var Christianstad den fremste sjøfartsbyen i Skåne.[3]

Handelen med utanlandske hamner bidrog òg til å fremje byen sin eigne industriar med kledefabrikker, fargeri, garveri og tobakksframstilling. Utanfor byen låg eit stort teglverk og ein såpefabrikk. I byrjinga av 1800-talet vart føresetnadene for handel endra som følgje av Napolenskrigane. I tillegg hadde Helgeån, livsnerva til byen, danna eit nytt utløp mot Austersjøen så vassdjupna ved utskipingsstaden Åhus blei mindre. Ein måtte difor i staden bruke dei vanskelege landvegane til transport av varer, og Christianstads utenrikshandel skrumpa omsider inn til inkje.

Norreport av barokkarkitekten Carl Hårlemann, teikna i 1752, oppført i 1766.

Inntil 1847 var Christianstad den viktigaste militærbyen i det sørlege Sverige.[4] Ein brann la dette året det meste av byen sin sørlege del øyde, og same år miste byen statusen som festningsby. Vollanlegga vart første rive ned omkring hundreårsskiftet 1900 og erstatta med breie boulevardanlegg. I dag er bybiletet dominert av store og imponerande bygningar frå denne tida, til saman med 17-1800-talet kasernebyggerier.

Kristianstad var administrasjonssentrum for Kristianstads län, som eksisterte i åra 17191997. Ved samanslåinga av Malmöhus og Kristianstads län til Skåne län vart administrasjonssentret lagt til Malmö. Kristianstad heldt den opphavlege stavemåten til 1906, då ein svensk rettskrivningsreform moderniserte alle stedsnamn.

Kristianstads venskapsby i Noreg er Kongsberg.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistikk frå Statistiska Centralbyrån
  2. Stadnamn i Skåne[daud lenkje]
  3. 3,0 3,1 3,2 Kurt Sørensen, Kristianstad. Kulturhistorisk guide for den rejsende til Christian IVs renæssancestad i det nordlege Skåne, Helgeåen, 2010.
  4. Stilling, Niels Peter: Kulturminder i Skåne, Politiken 2002.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Reiseguide for Kristianstad frå Wikivoyage