Gjeruld Rasmusson Hunsdal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gjeruld Rasmusson Hunsdal
Fødd 21. desember 1793
Landvik
Død

1. november 1866
Landvik

Yrke bonde, politikar

Gjeruld Rasmusson Hunsdal (21. desember 17931. november 1866) var ein norsk underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Landvik i Aust-Agder.

Hunsdal var son av ein gardbrukar i Landvik. Frå 1814 til -20 var han underoffiser. Sidan var han gardbrukar på farsgarden. Han var medlem av heradsstyret frå det kom i gjenge i 1838 til 1863, nokre år var han ordførar. Elles var han forlikskommissær og mellom 1829 og 1859 var han valmann ni gongar. Han var 2. representant frå Nedenes og Robygdelagets amtStortinget i 1833, medlem av næringskomiteen. I 1830 var han 1. varamann og 1842 2. varamann til Stortinget.

Han døydde på garden sin i i Landvik i 1866.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]