Gjervalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Gjervalen er ein fjordarm av Sørfjorden og Melfjorden i Rødøy kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 7 km austover til munningen av Gjervalelva i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Skivikneset i nord og Hammarodden i sør, like aust for Øresvika. Den veglause grenda Vassvika ligg på sørsida av fjorden. Dei indre områda av fjorden har særs bratte og høge fjordsider. På nordsida stig Kvalhovudet rett opp til 864 meter over havet. På sørsida stig Nordfjellet opp til 949 meter over havet, men har ein slakare stigning.