Glasøyfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Glasøyfjorden er ein fjord i Flatanger kommune i Trøndelag. Fjorden ligg på austsida av Glasøya og strekkjer seg 3,5 km sørover til Risskogen og Årfjordstraumen som går vidare til Årfjordbotnet.

Fjorden har to smale innløp, Nordstraumen i nord og Strømholmen i vest. Straumneset ligg like sør for Nordstraumen med garden Strøm på innsida av neset.

Riksveg 766 kryssar det vestlege innløpet over ei om lag 5 meter lang bru.


Koordinatar: 64°29′30.743″N 10°47′54.712″E