Glastonbury Tor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Glastonbury Tor
ås
Glastonbury Tor.jpg
Land Flag of England.svg England
Stad Somerset
 - høgd 158 moh.
 - Primærfaktor 145 m
Wikimedia Commons: Glastonbury Tor

Glastonbury Tor er ein ås i Glastonbury i Somerset i England. På toppen står det taklause St. Michael's Tower. Staden vert forvalta av National Trust og har status som Scheduled Ancient Monument (No: 196702).[1]

Tor er eit lokalt ord av keltisk opphav som tyder «bergutspring» eller «ås». Åsen stikk i dag opp av markene kring, kalla Summerland Meadows, men desse var tidlegare myrområde, slik at åsen stakk opp som ei øy. I 1892 vart det gjort funn av Glastonbury Lake Village som var ein busetnad i jernalderen like ved åsen.[2][3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Earthworks Glastonbury Tor». National Monuments Record. English Heritage. Henta 30. juni 2011. 
  2. «Glastonbury Lake Village». Somerset Historic Environment Record. Henta 30. juni 2011. 
  3. Adkins, Lesley; Roy Adkins (1992). A field guide to Somerset archaeology. Wimborne: Dovecote Press. ISBN 0946159947.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]