Hopp til innhald

Gliwice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gliwice
by
Hovudplassen og rådhuset.
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Schlesiske voivodskap
Høgd 200–278 m
Areal 133,88 km²
Folketal 174 016 (31. mars 2021)[1]
Grunnlagd 1200-talet
 •  Byrettar 1250
Postnummer 44-100 til 44-164
Retningsnummer +48 32
Bilnummer SG
Kart
Gliwice
50°18′04″N 18°38′59″E / 50.3011°N 18.6498°E / 50.3011; 18.6498
Wikimedia Commons: Gliwice

Gliwice (tysk Gleiwitz) er ein industriby sør i Polen med om lag 180 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kłodnica, om lag 20 km vest for Katowice.

Gliwice er ein av dei største sentera i Øvre Schlesien storbyområde, det største offentlege storbyområdet i Polen med i underkant av 3,5 millionar innbyggjarar.

Gliwice er ein del av Schlesiske voivodskap (sidan 1999) og tidlegare Katowice voivodskap.

Kvelden 31. august 1939 vart ei av hendingane som skulle føre til den andre verdskrigen iscenesett i Gliwice. Ein SS-tropp under Alfred Naujocks si leiing tok etter ordre frå Reinhard Heydrich på seg polske uniformer og tok kontrollen over ein antitysk radiostasjon. Dette var ei av fleire hendingar som vart iscenesette av SS for å rettferdiggjere eit tysk åtak mot Polen.

Opel har sidan 1998 hatt ein fabrikk i byen som produserer ulike personbilmodellar.

Attraksjonar

[endre | endre wikiteksten]

Gliwice har truleg ein av dei høgaste trebygningane i verda, ei radiomast på 118 meter som vart bygd i 1935.

Personar frå Gliwice

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Gliwice