Hopp til innhald

Katowice

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Katowice
by
Flagg
Våpenskjold
Land  Polen
Fylke Schlesiske voivodskap
Høgd 266–352 m
Areal 164 670 000 km²
Folketal 278 090 (30. juni 2024)[1]
Grunnlagd 1500-talet
 •  Byrettar 1865
Postnummer 40-001 til 40-999
Retningsnummer +48 32
Bilnummer SK
Kart
Katowice
50°15′N 19°00′E / 50.25°N 19°E / 50.25; 19
Wikimedia Commons: Katowice

Katowice (tysk Kattowitz, tsjekkisk Katovice) er ein industriby i Schlesien i Polen, om lag 70 km. nordvest for Kraków. Han har om lag 320 000 innbyggjarar. Byen ligg sør i Polen ved elvane Kłodnica og Rawa. Katowice ligg i Det schlesiske høglandet, om lag 50 km frå Dei schlesiske Beskidane (ein del av Karpatane) og om lag 100 km frå Sudetane.

Katowice har vore hovudstad i Schlesiske voivodskap sidan 1999. Tidlegare var han hovudstad i Katowice-voivodskapet og før det igjen i Det autonome schlesiske voivodskapet. Katowice er den største byen i det øvre schlesiske indistruområdet og det sentrale Øvre Schlesiske Storbyområde, som inneheld 3,5 millionar innbyggjarar.

Den dåverande preussiske byen fekk byrettar i 1865, og høyrde til landkrinsen Beuthen i regjeringsdistriktet Oppeln. I 1873 vart den sete for den nye landkretsen Kattowitz og vart i 1899 ein eigen bykrins. Sjølv om fleirtalet i byen (85 %) røysta for å framleis vere tysk ved folkerøystinga 21. mars 1921 vart byen innlemma i Polen. Den vart igjen innlemma i Tyskland i 1939 og på nytt innlemma i Polen i 1945. Mesteparten av den tyske folkesetnaden vart då brutalt fordrive. Mellom 1953 og 1956 vart byen kalla Stalinogród («Stalinbyen»).

Wyspianski-teateret i Katowice.

Byen har etter Opole (Oppeln) den største tyske minoriteten i dagens Polen.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Katowice