Global middeltemperatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Global middeltemperatur er gjennomsnittstemperaturen for jorda.

Ein kan ikkje måle den globale middeltemperaturen direkte, men nyttar i staden temperaturmålingar frå mange ulike vêrstasjonar verda over, og nyttar middelverdien av desse.

Den globale middeltemperaturen er eit mål på klimaendringar.

Temperaturanalysar[endre | endre wikiteksten]

Fleire forskingssenter lagar analysar for den globale middeltemperaturen, men dei to mest kjende er Climate Research Unit (CRU) ved East Anglia i Storbritannia og NASA/GISS i New York i USA. CRU lagar ein temperaturanalyse som vert kalla CRUTEMP eller HadCRUT, og omfattar kring 4300 temperaturmålingar frå heile verda. HadCRUT omfattar òg havoverflatetemperaturar frå det britiske vêrsenteret UK Metoffices Hadley Centre, i tillegg til temperaturdata frå land.

GISTEMP er den globale middeltemperaturen laga ved NASA/GISS. Dei nyttar mellom 2000 og 6000 temperaturmålingar frå ulike målestasjonar. GISTEMP baserer seg på at temperaturanomalien midla over ein månad på ein stad, vil vere temmeleg lik dei omkringliggande stadane, og ein interpoerer derfor verdiar der det manglar målingar. Dermed gjev GISTEMP verdiar for temperaturen i til dømes Arktis, der CRUTEMP manglar data. GISTEMP og HadCRUT har dermed ulik dekning av jorda, og sidan CRU-analysane ikkje har data frå Arktis, får dei ikkje med seg den kraftige oppvarminga som skjer der.

Reanalysar[endre | endre wikiteksten]

Reanalysar er utrekningar av vêrmodellar som er mata med alt av observasjonar ein har tilgjengeleg, som satellittmålingar av havoverflatetemperatur, atmosfæretilhøve, sjøis og snø, samt radiosondemålingar, målingar frå fly og data frå vêrstasjonar på bakken. Med alt dette tilgjengeleg, kan ein få temmeleg realistiske resultat for heile jorda, men ein reknar likevel med at det er noko feil i utrekningane i område der ein har få måledata, som i polarstrøka.

National Center for Environmental Prediction (NCEP) og European Centre for Medium-Range Weather Forecasts (ECMWF) er to av dei mest kjende sentera som lagar reanalysar, men det finst fleire, som ERA40.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]