Radiosonde

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Radiosonde

Ein radiosonde er eit apparat som vert festa til vêrballongar for å måle atmosfæriske variablar og sender dei tilbake til ein mottakar på bakken. Radiosondar sender vanlegvis med frekvensen 403 MHz eller 1680 MHz. Enkelte sondar, men ikkje alle, er laga for å kunne måle vindstyrke og retning.

Radiosonden vart funnen opp og sendt opp for første gong av den sovjetiske meteorologen Pavel Molchanov 30. januar 1930[1][2] i Pavlovsk. Sonden nådde ei høgd på 7,8 km og målte der temperaturen til -40,7 °C.

Moderne radiosondar måler eller reknar ut følgjande variablar:

Av og til kan radiosondar òg måle ozonkonsentrasjonen.

Oppsending[endre | endre wikiteksten]

Ein ballong av gummi eller lateks fylt med anten helium eller hydrogen vert sendt opp gjennom atmosfæren. Høgda ballongen kan nå er avhengig av diameteren eller tjukkleiken til ballongen. Storleiken til ballongane varierer vanlegvis frå 150 til 3000 gram. Når ballongen stig gjennom atomsfæren minkar trykket, slik at ballongen utvidar seg, og når han kjem høgt nok vil ballongen sprekke. Ein ballong på 800 gram sprekk i ei høgd på om lag 30000 meter.

Ein moderne radiosonde sender data tilbake til ein datamaskin via eit radiosignal, og datamaskinen lagrar alle variablane i sanntid. Dei første radiosondane vart observert frå bakken med ein teodolitt, og gav berre informasjon om vinden ut i frå posisjonen sin. Moderne radiosondar kan bruke fleire metodar for å avgjere vindstyrke og retning, slik som t.d. GPS. Vekta til ein radiosonde er vanlegvis 250 gram.

Av og til vert radiosondar slept frå fly i staden for å sveve med ballongar. Slike radiosondar vert kalla fallsondar eller dropsondar. Dei vert som regel brukt i spesielle forsøk, som t.d. å finne profilen i eit spesifikt uvêr.

Daglege oppsendingar[endre | endre wikiteksten]

På verdsbasis er det om lag 800 stader der ein sender opp radiosondar, og åtte av desse er i Noreg. Desse er oljeplattforma Ekofisk, Sola, Ørlandet, vêrskipet Polarfront, Bodø, Jan Mayen, Bjørnøya og Ny-Ålesund. Nesten alle radiosondar vert sendt opp kl. 00 UTC og kl. 12 UTC, slik at alle gjev eit samtidig bilete av atmosfæren. Dette er svært viktig for numerisk vêrvarsling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.islandnet.com/~see/weather/almanac/arc2005/alm05jul.htm
  2. Climates & Weather Explained. Kirk. Martinez, Jane K. Hart, Edward Linacre, Bart Geerts - Routledge (1997) ISBN 0-415-12520-0

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Radiosonde