Gloppen Hotell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Utsyn over Sandane. Gloppen Hotell kan ein sjå sentralt i biletet.

Gloppen Hotell er eit hotell i Sandane, inst i Gloppenfjorden i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Hotellet er eit trehotell i sveitsarstil, bygd i 1866 og seinare påbygd og modernisert fleire gonger. Bygningen har 18 rom. Det er mogeleg for gjester å sportsfiske i Gloppeelva og leige seg hjorteløyve.

I perioden 1829 til 1866 fanst det ein enkel skysstasjon på staden. Frå midten av 1800-talet la sportsfiske av laks- og sjøaure i Gloppenelva grunnlaget for større hotelldrift, og Joachim E. Sivertsen utvida skysstasjonen til landhandel og gjestgjevargard. Gloppen Hotell vart i 1904 oppført i den engelske guideboka Salmon Fishing in Norway som ein av dei beste fiskestadene i Noreg. I dag er hotellet framleis ein samlingsstad for sportsfiskarar.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gloppen Hotell». Store Norske Leksikon. Henta 4. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]