Gloppeelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°45′51.671″N 6°12′34.844″E

Gloppeelva
elv
08-07-29 Gloppeelva.jpg
Kjelde Breimsvatnet
 - høgd 61 moh.
Munning Gloppefjorden
Wikimedia Commons: Gloppeelva
Gloppeelva ved Evebøfossen
Foto: Chell Hill
Eidsfossen i Gloppeelva fotografert 7. august 2008
Foto: Chell Hill

Gloppeelva , òg kalla Storelva, er ei elv i Gloppen kommune. Elva er utløpet frå Breimsvatnet, og munnar ut i Gloppefjorden, sør for Sandane sentrum, nær Sandane Camping. Elva er ei lakseelv, det vil seie at det går laks i elva.

Elva er regulert gjennom ei demning omtrent 1 km frå Breimsvatnet. Vasskraftverka Eidsfoss kraftverk og Trysilfoss kraftverk utnyttar vatn frå elva.

Ved elvemunningen ved Gloppefjorden har elva skapt eit delta av typen brakkvasssdelta. Fitjeelva som munnar ut like sør for Gloppeelva har medverka til at deltaet har fått ei vid og lang grunne, med sandbankar av ulik høgd. Tett ved området ligg Sandane Camping, som utnyttar sanden i deltaet til badestranda si. Elvane gjer at vatnet held noko lågare temperatur, men samstundes vert vatnet varma opp på den lange grunna forholdsvis raskt sommarstid.

Lakseelv[endre | endre wikiteksten]

Grunneigarane er organiserte i Gloppen Elveeigarlag og Indre Gloppen Elveeigarlag. Desse lagea forvaltar lakseførekomstane i elva, og leiger ut rettane til laksefiske. Dei står òg for vedlikehald av to laksetrapper i elva.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Deltaet og området rundt legg til rette for eit allsidig innslag av vadefuglar, og området er freda under namnet Bukta fuglefredningsområde.

På grunn av det gode fisket i området trekk elva til seg rovdyr og fugl. Området har tidvis hatt mange oterar, noko grunneigarane ikkje set pris på, då dei meiner dette truer villaksbestanden i elva. Grunneigarane har ved fleire høve fått fellingsløyve på oter i elva. [1] I 2007 vart det observert eit havørnpar ved elvemunninga. [2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fellingsløyve for oter i Gloppeelva oppheva av direktoratet». Fylkesmannen. 30. august 2006. Henta 29. april 2008.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato=, |dato= (hjelp)
  2. «Havørn observert ved Gloppeelva». Firda. 13. mars 2007. Henta 29. april 2008.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp) artikkel med bileteserie

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]