Gloppenbåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gloppenbåten teikna av Gabriel Gustafson. Den ytre heildregne lina er konturane av ein nordfjordfemkeiping[1].

Gloppenbåten vart funnen i ei grav frå vikingtida på garden Ytre Hauge I Gloppen i Nordfjord. Gabriel Gustafson leia utgravinga av gravhaugen i 1890. Treverket var ikkje bevart, men det vart funne båtsaum som låg på sin opphavlege plass. Gustafson og medarbeidarane målte opp plasseringa av båtsaumane, og kunne teikne båten. Då dei var ferdig å grave hadde gropa skap som ein båt.

Båten hadde vore 8,50 meter lang, og omlag 1,80 meter brei. Ein båtbyggjar, som var med på arbeidet, såg stor likskap mellom båtforma i grava og båtar bygde i seinare år. Måla, og plassering av banda var som på ein nybygd femkeiping. Banda hadde vore festa med lang båtsaum. Røene var ankerforma så dei greip om bandet. Det ser ut som banda har vore tynne. Borda, som mot skutane har vore over 25 cm breie har vorte hogde til ei tjukn på 1,5 cm av eikestokkar.

At båten har vore så lettbygd, syner at han har vorte bygd for ferdsel i smult farvatn, som til dømes på fjorden. Båten har hatt fem bordgangar, pluss ripa. Nyare femkeipingar bygde i Nordfjord, har eit bord mindre

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ø. Færøyvik, Vestlandsbåtar - Frå oselvar til sunnmørsåttring, Norske båtar bind V, Grøndal & søn forlag AS, 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Berhard Færøyvik (1939). «Båtane i Sogn og Fjordane». I Berhard Færøyvik. Fiskarsoga for Sogn og Fjordane, Band I. Bergen: Sogn og Fjordane Fiskarlag. s. 22-24.