Båtsaum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Båtsaum og ro

Båtsaum eller klinkesaum vert brukt til å klinke saman båtbordaklinkbygde trebåtar. Han er å få kjøpt både i kopar og galvanisert stål. Før var det vanleg at båtbyggaren smidde saumen sjølv. Saumen vart då ofte oljebrend. Frå kring 1900 var det vanleg å kjøpe maskinprodusert saum.

Til saumen høyrer ei lita skive av same metall; roa. Kjøpte roer er runde. Heimesmidde er firkanta. Bordet som skal setjast på vert halde fast på rett plass. Så vert det bora hol for saumen gjennom båe borda. Saumen vert slegen inn frå utsida. Så vert ei ro tredd inn over tynnenden av saumen, og dreva inn ved hjelp av klinkejarnet, samstundes som det vert slege på saumhovudet. Tynnenden av saumen vert så avklipt (eller nykt). Til slutt vert han så klinka mot roa for å feste han skikkeleg. Då vert òg dei samanfesta borda dregne godt og tett saman.

Nemninga «saum» heng att frå den tid båtborda vart sydde saman, slik det er gjort på Halsnøybåten. Det er eit funn av båtrestar frå før 500, frå Halsnøy i Hordaland.