Hopp til innhald

Glymur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Glymur
foss
Glymur
Land  Island
Område Hvalfjörður
Fossetype Hestehale
Elv Botnsá
Totalt fall 196 m
Kart
Glymur
64°23′45″N 21°14′28″W / 64.395833333333°N 21.241111111111°W / 64.395833333333; -21.241111111111
Wikimedia Commons: Glymur

Glymur er den nest høgaste fossen på Island med eit fall på 196 m. Han var lenge rekna som den høgaste fossen i landet, fram til Morsárfoss ved Morsárjökull blei målt som den høgaste i 2011.[1]

Glymur ligg inst i Hvalfjörður. Etter at ein tunnel opna under denne fjorden kjem det lite folk til området, som er svært vakkert med vulkanar og treplantasjar.

Elva Botnsá renn ut frå Hvalvatn og etter ei kort stund renn ho langs vulkanen Hvalfell inn ein ravine med grøn mose. For å kome til fossen må ein køyre til Botnsá, ei lita grend med sommarhus kalla opp etter elva, og gå oppover fjellet (350 m) langs merkte stiar.

  1. Guðmundsson, Janus Arn (15. juni 2011). «Flyst hæsti foss landsins búferlum?» (på islandsk). Morgunblaðið. Henta 1. august 2015.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]