Foss

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mardalsfossen i 2004

Foss eller eit vassfall er ein del av eit vassdrag der vatnet går over ein meir eller mindre bratt avsats. Vatnet kan ante falle fritt eller renne langs fjellsida. Om fallhøgda er fordelt over ein lengre strekning vert det gjerne kalla eit fossestryk eller stryk, men det er ikkje noko definert skilje mellom desse omgrepa.

I ein foss vert det danna små vassdropar og bobler som reflekterer lys slik at vatnet ser kvitt ut. Energien til det rennande vatnet i ein foss vert kalla fossekraft, eller vasskraft. Energien kan verta nytta til å produsera elektrisitet i eit vasskraftverk.

Fossar kan dannast over eit hardt lag der det er lausare bergartar under, som Niagarafalla, eller der ein trong, yngre dal er grave ut i botnen av ein vidare dal, som til dømes Victoriafalla i Zambezi. I Noreg er dei fleste fossane danna der erosjonen etter isbreane under den siste istida har laga bratte trinn i dalen, som til dømes i Rjukan. Dei høgaste fossane i Noreg finn ein på Vestlandet, medan dei aust- og nordnordske fossane gjerne har størt vassføring. Mange av dei høgaste fossane i verda finn ein på Vestlandet.

Type fossar[endre | endre wikiteksten]

Havasu Falls, nær Supai i Arizona er eit døme på ein stupfoss
  • Blokk: Vatnet fell frå ei relativt brei elv. Fossen er breiare enn han er høg. Fossen må ikkje vere samanhengande frå side til side.
  • Kaskade: Vatnet renn nedover ei rekkje steinar, berg eller ei ru overflata av noko slag. Vassfallet kan vere både slakt og bratt.
  • Katarakt: Langstrakte fossar eller stryk i større elvar. Mest kjent er Nilen som i alt har seks stykk mellom Khartoum og Aswan.
  • Vifte: Vatnet spreier seg ut horisontalt i fallet medan det er i kontakt med grunnfjellet.
  • Hestehale: Det fallande vatnet har noko kontakt med grunnfjellet, før det mistar kontakten.
  • Stupfoss: Vatnet fell vertikalt og har ikkje kontakt med grunnfjellet.
  • Segmentert: Fleire klart fråskilde fossefall ved sida av kvarandre.
  • Fleirtrinns: Vatn fell i fleire fall.

Kjende fossar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå fossar i Noreg.

Kjende fossar i andre land[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]