Gobustan statlege historisk-kunstnariske reservat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gobustan statlege historisk-kunstnariske reservat
Qobustan.jpg
LandAserbajdsjan
Flag of UNESCO.svgInnskriven ved UNESCOs 31. sesjon i 2007.
Referansenr. 31.
Kriterium:III
Sjå ògVerdsarvstader i Asia
BakgrunnsstoffGobustan statlege historisk-kunstnariske reservat ved unesco.org

Gobustan statlege historisk-kunstnariske reservat (Qobustan dövlət tarixi-bədii qoruğu) er eit reservat som ligg vest for Gobustan i Aserbajdsjan, rundt 64 km sørvest for sentrum av Baku. Det blei skipa i 1966, då området blei erklært som eit nasjonalt historisk landemarke, for å prøva å verna om dei førhistoriske helleristingane, muddervulkanar og musikalske steinar i området.

Reservatet er rikt på arkeologiske funn. Det omfattar over 6 000 helleristingar som viser menneske, dyr, slagscenar, dansar, tyrefekting, båtar med væpna roarar, krigarar med lansar, kamelkaravanar og bilde av sola og stjernene. Dei er blitt daterte til å vera 5 000 til 20 000 år gamle.

Gobustan statlege historisk-kunstnariske reservat fekk nasjonal status i 2006, og Gobustan Rock Art Cultural Landscape fekk status som verdsarv av UNESCO i 2007.[1][2]

Førhistoriske helleristingar[endre | endre wikiteksten]

Helleristingane ligg i ein del av reservatet kalla Gobustan-steinkunst kulturelle landskap, og viser fengslande bilete av førhistorisk liv i Kaukasus. Dei velpreserverte skissene viser folk frå oldtida som reiser på sivbåtar, jaktar på antiloper og ville oksar, og dansar.[3] Den kontroversielle norske antropologen Thor Heyerdahl vitja Aserbajdsjan fleire gonger frå 1961 og til han døydde i 2002 for å studera staden i sitt prosjekt Jakten på Odin.

Romersk inskripsjon[endre | endre wikiteksten]

Legio XII Fulminata-inskripsjonen frå mellom år 84 og år 96.

I juni 1948 fann leiaren for den arkeologiske ekspedisjoenn frå Instituttet for historie ved vitskapsakademiet i den aserbajdsjanske sovjetrepublikken, Ishag Jafarzadeh, ein inskripsjon på latin på ein stor stein nær den søraustlege skråningen av fjellet Boyuk-Dash. Der stod det:

« IMP DOMITIANO CAESARE AVG GERMANIC, LVCIVS IVLIVS MAXIMVS CENTVRIO LEG XII FVL

(Ti Imp(erator) Domitianus Caesar Aug(ustus) Germanicus, (av) Lucius Julius Maximus, centurion av Leg(ion) XII Ful(minata).)[4][5]

»

Gaval Dash[endre | endre wikiteksten]

Gaval Dash er ein naturleg musikalsk stein som berre finst i Gobustan distrikt i Aserbajdsjan. Han står ved inngangen til reservatet, og er ein av fire «syngande steinar» som finst her. Når denne store, to meter lange steinen blir slått med mindre steinar, lagar han ein hol, ringande lyn som minnar om den til ein tamburin, eller gaval på aserbajdsjansk. Den unike resonansen er laga av mikroskopiske hol inne i steinen, som ein trur kjem frå det tørre klimaet og effekten frå naturgass som finst i området.[6]

Muddervulkanar[endre | endre wikiteksten]

Rundt 300 av dei rundt 700 muddervulkanane som finst i verda reknar ein med er i Gobustan distrikt og i Kaspihavet.[7] Muddervulkanane i Gobustan er ein populær attraksjon både for vitskapsfolk og for turistar. Sistnemnde kan bada i mudderet, som har ord på seg for å ha lækjande verknad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Gobustan Rock Art Cultural Landscape». UNESCO World Heritage Centre (på engelsk). Henta 28. januar 2022. 
  2. «Gobustan State Historical-Artistic Reserve». Presidential Library. Henta 28. januar 2022. 
  3. «Early Man in Azerbaijan When Ancient Stones Speak by Ronnie Gallagher and Abbas Islamov». www.azer.com. Henta 26. september 2018. 
  4. Raoul, McLaughlin (2016). The Roman Empire and the Silk Routes: the Ancient World Economy and the Empires of Parthia, Central Asia and Han China. Havertown: Pen and Sword. ISBN 9781473889828. OCLC 961065049. 
  5. These markings constitute the most easterly evidence of Roman soldiers' movements. James, Marriott (20. august 2013). The oil road: journeys from the Caspian Sea to the city of London. Minio-Paluello, Mika (Updated paperback utg.). London. ISBN 9781781681282. OCLC 852808221. 
  6. O'Hare, Maureen (12. desember 2018). «Gobustan: Ancient land where stones can sing». CNN (på engelsk). Henta 28 January 2022. 
  7. «Mud Volcanoes - Mysterious Phenomena Fascinate Scientists and Tourists by Ronnie Gallagher». www.azer.com. Henta 26. september 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]