Kaukasia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For fjellkjeda, sjå Kaukasus.
Satellittbilete av Kaukasus

Kaukasia eller Kaukasus er eit område i Eurasia mellom Svartehavet, Kaspihavet, Iran og Russland. Det persiske namnet for regionen er Qafqâz. Kaukasia inkluderer fjellkjeda Kaukasus og dei omliggande låglanda.

Kaukasusfjella vert ofte rekna som grensa mellom Asia og Europa, men det er forskjellige syn på kor den nøyaktige grensa går, og derfor kva område i Kaukasia som høyrer til kor. Den nordlege delen av Kaukasia vert kalla Nord-Kaukasus og den sørlege delen Transkaukasus. Den høgaste toppen i Kaukasus er Elbrus (5 642 m), som ofte vert rekna som det høgaste fjellet i Europa. Dette er derimot avhengig av kor ein set grensa mellom Europa og Asia.

Kaukasia er eit av dei mest språkleg og kulturelt varierte områda i verda. Statane som utgjer Kaukasia i dag er nordaustlege område av Tyrkia, Georgia, Armenia, Aserbajdsjan, i tillegg til delar av Russland og Iran. Dei russiske delane inkluderer Krasnodar kraj, Stavropol kraj, og dei autonome republikkane Adygeja, Kalmykia, Karatsjajevo-Tsjerkessia, Kabardino-Balkaria, Nord-Ossetia-Alania, Ingusjetia, Tsjetsjenia, og Dagestan. Tre territorium i regionen har kravd sjølvstende, men er ikkje anerkjende som nasjonar av det internasjonale samfunnet: Abkhasia, Nagorno-Karabakh og Sør-Ossetia.

Kaukasia er eit viktig økologisk område, og her finn ein mellom anna leopard, brunbjørn, ulv, europeisk bison, maralhjort og kongeørn. Det naturlege landskapet i Kaukasia er ein blandingsskog med omfattande steinete flater over tregrensa.

Det bibelske fjellet Ararat, der ein seier at Noahs ark møtte land, vert rekna som landemerket til det eldgamle armenske riket. Fjelltoppen er dekt med snø i vinterhalvåret. I gresk mytologi var Kaukasus eller Kaukasos ein av ein av pilarane som heldt verda oppe. Prometheus skal ha vore lenkja fast her av Zevs. Den romerske poeten Ovid plasserte Kaukasus i Skythia, og framstilte det som eit kaldt og steinete fjell.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Caucasus: A Journey to the Land Between Christianity and Islam av Nicholas Griffin
  • Small Nations and Great Powers: A Study of Ethnopolitical Conflict in the Caucasus av Svante E. Cornell
  • The Caucasus av Ivan Golovin