Godfrey Kneller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Godfrey Kneller

Sjølvportrett, 1685
Statsborgarskap Tyskland, Kongeriket Storbritannia
Fødd 8. august 1646
Lübeck
Død

19. oktober 1723 (77 år)
London

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Far Zacharias Kniller
Godfrey Kneller på Commons

Godfrey Kneller (opphavleg Gottfried Kniller) (8. august 164619. oktober 1723) var ein tysk-britisk portrettmålar som var verksam i England. Komponisten Andreas Kneller var bror hans.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

John Churchill, den første hertugen av Marlborough, ca. 1705

Kneller var fødd i Lübeck og vart utdanna i Nederland under leiing av Ferdinand Bol. Han var også på studiereiser, mellom anna i Italia.

Frå 1674 arbeidde Kneller som portrettmålar i England. Midt på 1680-talet var han den leiande portrettkunstnaren i landet, ein posisjon han tok over etter Peter Lely. I 1688 vart han utnemnd til hoffmålar for den komande kong Villiam, saman med John Riley som døydde tre år seinare. Resten av livet levde Kneller av å måle portrett av så å seie alle samtidige, kunstinteresserte engelske stormenn.

Kneller dreiv ein verkstad med stor produksjon, noko som gjer at ein del av måleria hans er lite originale. I sine beste arbeid viste han derimot stor vitalitet.

Han vart teken opp i adelsstanden i 1715.

Kneller døydde av feber i London i 1723.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Godfrey Kneller