Golgata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Staden som tradisjonen har identifisert som Golgata-- med «Den heilage gravkyrkja»

Golgata, eller Hovudskallen, er ein rettarstad utanfor Jerusalem. Her vart Jesus krossfesta i lag med to opprørarar. Namnet er ein gresk form av det arameiske Gûlgaltâ, som tyder «hovudskalle», og namnet kan anten referere til ein naturformasjon som liknar ein hovudskalle eller til ein stad det ligg mange hovudskallar. Golgata skal ligge ein stad utanfor Jerusalem.

Daa gav han Jesus yver til deim,
so han skulde krossfestast.
So tok dei Jesus med seg.
Han bar sjølv krossen sin,
og gjekk ut til Skallestaden dei kallar
— paa hebraisk kallast det Golgata —.
Der feste dei honom til krossen,
og saman med honom tvo andre,
ein paa kvar sida og Jesus midt i mellom.

På staden som etter kyrkjeleg tradisjon er identifisert som Golgata, er det reist ei kyrkje, «Den heilage gravkyrkja». General Charles Gordon har utpeika ein alternativ stad, «Gordons Golgata». Staden liknar påfallande eit kranium - ein likskap som likevel skal ha oppstått i nyare tid. Her er det ein islamsk gravplass.

Ein alternativ stad for Golgata, aust for Jerusalem