Google Play

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Google Play
Google Play.svg
UtviklarGoogle
Utgjeve6. mars 2012
OperativsystemAndroid
SjangerDigital distribusjon, applikasjonsbutikk
LisensProprietær lisens

Google Play (tidlegare Android Market) er ei distribusjonsplattform for digitale applikasjonar for smarttelefonar, nettbrett og andre digitale eininar med Android som operativsystem. Det er òg ein nettbasert handelsstad for digitale media, utvikla og halden ved like av Google. Android Market blei lansert 22. oktober 2008 og etterfølgaren, Google Play, blei lansert 6. mars 2012.

Tenesta lèt brukarane søkje etter og laste ned musikk, magasin, bøker, filmar, fjernsynsprogram og dataprogram utgjevne gjennom Google. Brukarane kan òg kjøpe Chromebooks, bærbare PC-ar produsert av Nexus, og anna Google-tilknytt maskinvare og ulike tilbehøyr.

Per april 2019 er det fire delar av Google Play; Google Play Music, Google Play Books, Google Play Movies & TV og Google Play Games.

Applikasjonar er tilgjengelege anten gratis eller til ein pris. Dei kan lastast ned direkte til einingar som bruker operativsystemet Android. I juli 2013 hadde Google Play offisielt over 1 million applikasjonar og over 50 milliardar nedlastingar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]