Gotisk skrift

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gotisk skrift oppstod som ein kantete og gitterprega skriftstil i mellomalderen. Biletet viser eit utsnitt frå ei side i ein handskriven belgisk bibel frå 1407. Gutenberg utforma bokstavane til sin trykte bibel frå 1455 på grunnlag av denne typen skriveskrift.

Gotisk skrift er ei samlenemning for visse skriftvariantar av det latinske alfabetet der bokstavane er attgjevne med knekte bogar og tunge stammar. Gotisk skrift er både ei form for skriveskrifter og ulike trykkskrifter som etterliknar skriveskrifta. Gotiske skriftstilar var i bruk fram til tidleg på 1900-talet i Tyskland og område som var prega av tysk kultur, deriblant Skandinavia. Gotisk skrift er i dag heilt erstatta av skrifttypar som er forma etter mønster av italienske antikvabokstavar.

Gotisk handskrift er i Danmark og Noreg namnet på ei tysk løkkjeskrift som oppstod på 1500-talet som ei forenkling og vidareutvikling av den opphavlege kantete, gotiske handskrifta. Gotisk handskrift var vanleg skriveskrift i Noreg frå omkring 1600 til 1850.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Gotisk skrift har fått namn etter gotikken, det vil seie stilideal og former innanfor gotisk kyrkjekunst og arkitektur frå 1150 til 1550. Adjektivet «gotisk» vart gjeve av italienarane under renessansen, som med det meinte at gotisk skrift var mellomalderleg og «barbarisk».

Gotisk skrift, både skrivne og trykte variantar, har ulike nemningar på ulike språk, men kan omtalast med fellesnemninga gebrochene Schrifttysk, blackletterengelsk og écriture gothiquefransk.

Samlenemninga gotisk skrift vert ofte brukt litt upresist om den tyske formvarianten fraktur som dominerte nord-europeisk skriftkultur i firehundre år.