Renessansen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Renessanse)
Piero della Francesca: La Città ideale del Rinascimento
Davidstatuen til Michelangelo, bilethoggarkunst frå høgrenessansen

Renessansen (frå fransk renaissance, 'attføding') er ei retning innan europeisk kunst og tankeliv som avslutta mellomalderen. Renessansen er mest omtala som ein stilart innan kunsten (renessansen var dansens gullalder), men gjorde seg òg gjeldande innan politikk, vitskap og sjølve menneskesynet.

Attfødd kunst[endre | endre wikiteksten]

Renessansen tok til i Italia1300-talet og varte til ein gong på 1500- eller 1600-talet, då han vart avløyst av barokken. Idéen bak rørsla var å finna tilbake til dei klassiske ideala frå antikken. Ein byrja å studera gamle romerske og greske tekstar igjen, og kunsten prøvde å vera like perfekt og tru til naturen som mellom anna dei gamle greske statuane hadde vore.

Språkleg og nasjonal oppvakning[endre | endre wikiteksten]

Renessanserørsla voks fram i Toscana1300-talet. På denne tida hadde interessa for det italienske språket, dikting på morsmålet, vore i omlaup i om lag hundre år. Rørsla tok til med diktarar som Dante Alighieri, Francesco Petrarca og Giovanni Boccaccio, som alle stadfeste og la grunnlaget for eit nyare italiensk skriftspråk, i ei tid då dei fleste framleis skreiv på latin. Senteret for den språklege fornyinga låg i Nord-Italia, i ser i handelsbyen Firenze. Den florentinske dialekta vart og grunnlaget for moderne italiensk.

Petrarcha var ein av dei første til å definere renessansen som kulturelt fenomen. Han var tidleg ute med å avvise den tradisjonelle kristne historieoppfatninga som hadde råda til då, og såg heller attende til den romerske antikken etter ideal. Petrarcha rekna tida etter keisar Konstantin som ei nedgangstid heller enn ei vinningstid. Den kristne historieskrivinga i mellomalderen hadde rekna den kristne framgangen som avgjerande for den menneskelege utviklinga. Petrarcha vona på ei «fornying påverka av klassiske ideal». I 1338 skreiv han:

Det er venteleg at det kjem ei betre tid, denne svevntunge gløymsla vil ikkje vara æveleg. Etter at mørkret er jaga bort, vil våre sonesøner vera i stand til å gå attende til den reine stråleglansen frå fortida.

Petrarcha hadde eit heilskapssyn på kunsta, og tok med både biletkunst og litteratur.

Dei italienske handelsbyane opplevde eit nytt sjølvstende og nytt medvett nett i denne tida. Mange av dei slo seg laus frå den tysk-romerske veldet, som hadde lege over dei sidan Karl den store si tid. Mange av desse bystatane fekk og idear om å atterreise Italia som sjølvstendig stat. Renessansen hadde difor og ein nasjonalpolitisk side, som heng nært saman med framvekst av ein italiensk nasjonal litteratur. Jamvel i Divina Commedia finn ein atterklang av dette:

Han berge vil det audmjuke Italia
Camilla møy, Eurialus og Turnus
og Nisus døydde for med såra sine.

Utover i renessansetida råka desse statane opp i mange politiske tretter mellom kvarandre og statane ikring, Pavestaten, Frankrike og Det tysk-romerske riket, som alle ville ha kontroll med dei. Dette nørte opp under nasjonalkjensla.

Ny historieskriving[endre | endre wikiteksten]

Tidleg på 1400-talet kom det til ein generasjon av italienske historikarar som tok opp trådane frå Petrarcha og Dante. Flavio Biondo frå Forli var den første som tok utgangspunkt i den vestgotiske herjinga av Roma, som han rekna til å ha hend i 412. Ut frå dette årstalet skreiv han så si historie (mellom 1439 og 1453). Han gav dermed samtida eit historisk merke å halde seg til for byrjinga av mellomalderen, som han kalla det. Han var den første som delte historia i tre delar: antikken, mellomalderen og nytida.

Leonardo Bruni frå Firenze skreiv si historie om Firenze om lag på same tida. Han var og påverka av Petrarcha, og tok utgangspunkt i den romerske republikken som ideal, både historisk og politisk. For Bruni byrja forfallet med den romerske keisartida. Voksteren av bystaten Firenze var eit symbol på ei gryande ny tid.

Desse historikarane synte eit tydeleg brot med mellomalderleg krønikeskriving, og den historiske kategoriseringa deira vann hevd langt utanfor Italia. Dei var og med på å skapa biletet av «den mørke mellomalderen».

Humanismen[endre | endre wikiteksten]

Parallelt med den nasjonalspråklege oppvakninga, var det og ei rørsle som hadde som mål å atterreise latinen som skriftspråk. Mange såg at latinen hadde forfalle dugeleg gjennom mellomalderen, og skjøna det var tid for å revitalisere "klassisk" latin. Difor tok dei til å lesa originale tekster omatt, først og fremst Cicero og Horats, Vergil og Ovid. I desse tekstene fann dei nøring for ny nasjonal dugnad, og filosofisk tankegods som longo hadde vore gløymt. Hjå Cicero fann dei mellom anna omgrepet Humanitas (menneskeleg), som vart rota til humanismen, først i Italia, sidan i andre land. Ordet vart først nytta av Leonardo Bruni, som nytta Humanitas om ein ny samanbinding av fagfelt, ei systematisering av kunnskap som ikkje hadde vore vanleg til då. Han forkasta den gamle tanken om Artes Liberales frå mellomalderuniversiteta.

Frå Italiensk gjekk dei tidlege humanistane over til å studere andre språk, gamalgresk og hebraisk. Dette førte og til ny kunnskap om Bibelen, nye teologiske idear og nye tankar om historieskriving og filosofi. Moderne humaniora skriv seg soleis frå den tidlege humanismen.

Lenger nord i Europa, der det ikkje var så forvitneleg med språkleg fornying som i Italia, førte den humanistiske ånda til tankar kring atterreising av kyrkja og kristendomen. I desse områda var det og at reformasjonen først fekk vind i segla. Desse straumdraga vert gjerne kalla Den nordlege humanismen.

Kunstliv[endre | endre wikiteksten]

Det nye synet på mennesket, slik det vart uttrykt gjennom den historisk-filosofiske nyorienteringa, kom snart til å påverke biletkunsta. Som i litteratur og språk, vart dei klassiske ideala og gjeldande for målarkunst og skulptur. Det vart no på moten å gje att menneska anatomisk korrekt. Den første som tok opp dette emnet, var kulturhistorikaren Filippo Villani. Han la vekt på at den gamle greske og romerske kunsta vart vakt til live att med kunstnarar som Giotto og Cimabue. Slagorda i tida vart «attende til naturen» og «attende til antikken», som i mangt kom til å tyde det same.

Kunstnarane fekk nye oppdragsgjevarar. Tidleg var det nesten berre kyrkja som ville ha kunstverk til å smykka gudshusa sine, no ville òg rike kjøpmenn ha ting som var vakre å sjå på. Dette førte til bilete av andre motiv enn dei typiske kristne, som eldre mytologi, portrett, og landskap. Inn på 1500-talet følgde pavane opp, og fleire av dei vart kunstsamlarar sjølve, slike som Julius II. Han tilsette både Rafael og Michelangelo.

Idéen om renessansen[endre | endre wikiteksten]

Tanken om atterreising og «ny fødsel» hadde vore til stades i den italienske åndshistoria alt på Petrarcha si tid. Om omgrepet ikkje vart nytta beint fram, var tanken synleg i dei kulturhistoriske verka i samtida, skrivne av humanistar som var samde i den visjonen Petrarcha og Dante hadde hatt. Den første som beintfram nytta ordet Renascita (renessanse), var kunsthistorikaren Giorgio Vasari, som brukte det om den fornya kunsta i Toscana1400-talet. Som historikarane før han, delte han og historia i tre, antikken, mellomalderen og nytida. Slik han såg det var det Giotto og Cimabue som er kjeldene til fornyinga i italiensk kunst, og det "moderne" høgdepunktet var Leonardo da Vinci.

Rosenkrantztårnet i Bergen er eit døme på renessansearkitektur i Noreg

I Noreg og Danmark kan ein seie at renessansekulturen blømde frå rundt 1536, då Reformasjonen vart innført, til 1648, då Kristian IV døydde. Likevel, stilperiodens lengde i vårt område gir ulikt utslag for ulike kunstarter. Innan hagekunst finn ein etablering av renessansehagar også på 1700-talet. Desse stildraga lyt ein då trekke inn som element av "renessansekultur". Slik kan ein og snakke om norsk humanisme1500-talet.

Ein kunne elles tru det er lita gagn i å nytte renessanseomgrepet kulturhistorisk utanfor Italia. Det som var «oppgangstid» og «ny fødsel» i Italia var til dømes samtidig med ei «nedgangstid» i Noreg. Skal ein flytta omgrepet til Norske tilhøve, kan ein like gjerne hevde at «renessansen» for Noregs del fann stad på 1800-talet, og at Dansketida var mellomalderen. Det som svarar til «mellomalderen» for italienarane var ein norsk «gullalder» (1200-talet). Dei norske humanistane på 1500-talet hadde ein desillusjonert haldning til si eiga tid, og drøymde om ei "ny oppvakning", som ikkje fann stad før om lag to hundre år seinare.

Den politiske sida av renessansen vart det lite utav for Italias del. Landet vart ikkje samla, og stordomsdraumen fall i grus. Eit minne om desse aspirasjonane finn ein i verket Fyrsten av Niccolo Machiavelli. Denne kom i si tid til å påverke den italienske fascismen under Benito Mussolini.

Den kunstnarlege og vitskaplege arven frå renessansen kom til å spreie seg frå Italia til mest heile Europa, gjennom import og hærferder, og sette varig preg på utviklinga over heile kontinentet.

Andre renessanserørsler[endre | endre wikiteksten]

Det har vore fleire «renessanse»-periodar i mellomalderen, knytt til einkvan åndeleg fornyingsbølgje som har gjort seg gjeldande før den røynlege italienske renessansen. Dei to viktigaste er Karolingisk renessanse, som synte seg på Karl den store si tid, og Ottonsk Renessanse, knytt til det mellomalderlege keisardømet i Tyskland.

Nokre renessansekunstnarar[endre | endre wikiteksten]

Dame med ein røyskatt av Leonardo da VinciCzartoryski Museum i Kraków.

Forfattarar[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]