Grå trøndersau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grå trøndersau

Grå trøndersau er ein norsk sauerase som var rekna som utdøydd fram til ein flokk med gråsauar vart oppdaga på ein gard i Telemark i 1992. Rasen er kjent for særs fin, grå ull. Systematisk prøvetaking har vist at somme av dyra har særs finfibra ull, noko som òg vert vektlagd i avlsarbeidet. Opphavet til sauerasen er ukjent, men ein teori er at rasen har blitt til ved krysning mellom gammalnorsk sau og tautersau. Etter at grå trøndersau vart gjenoppdaga i 1992, vart ei vernebesetning skipa hos Ole Hans Lien i Telemark. I dag finst der også ei vernebesetning på Øya videregående skole i Sør-Trøndelag. I dag finst i underkant av 400 vinterfora søyer fordelt på rundt 25 besetninger.

Raseskildring[endre | endre wikiteksten]

Grå trøndersau skal ha svart buk, bein og hovud, og ein kvit dropeforma flekk under kvart auge. Ulla på ryggen og på sidene skal vere stålgrå. Etter rasestandarden skal ulla ha særs fine fibrar. Rasen har halvlang hale.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]