Grøftegravarfraktur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Grøftegravarar i Korea, ca. 1900

Ein grøftegravarfraktur er eit stabilt knokkelbrot gjennom ryggtaggen (processus spinosus) i ein ryggvirvel, oftast på høgd med sjette eller sjuande halsvirvel.[1] Det er ein historisk yrkesskade som fekk mykje merksemd på 1930-talet, då grøftegravarar bygde vegar og grøfter i tung leire i mellom anna Australia og Tyskland.[2][3] Dei brukte spadar til å kasta leire opp i lufta, ofte 300–450 cm over hovudet.[2] Stundom satt leiren fast i spaden, og den resulterande rørslemengda førte til brotet. Arbeidaren ville høyra ein liten knekklyd mellom skulderblada og kunne ikkje fortsetje arbeidet. Skaden var oftast veldig smertefull.

Skaden oppstår truleg som følgje av muskelstrekk med kraftoverføring gjennom bindeveva i ryggvirvelen. Den ofselege krafta trekker i ryggtaggen og skapar ein avulsjonsfraktur. Frakturen kan diagnostiserast med radiografi eller computertomografi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Grøftegraverfraktur på norsk». Tidsskrift for Den norske legeforening (Tidsskrift for Den norske legeforening). 20. desember 2012. Henta 12. desember 2014. 
  2. 2,0 2,1 McKellar Hall RD (1940). «Clay-Shoveler's Fracture». J Bone Joint Surg Am 22: 36–75. 
  3. «Grøftegraverfraktur». Tidsskrift for Den norske legeforening (Tidsskrift for Den norske legeforening). 18. oktober 2012. Henta 12. desember 2014. 
Spire Denne medisinartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.