Grønsaka squash

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Squash
Squash på planten.

Squash eller skvåsj (Cucurbita pepo) er ei grønsak i graskarslekta (Cucurbita). Ho kan bli gul, grøn eller lysgrøn og har om lag same form som ein agurk. Skalet kan vera mørkegrønt, grønstripa eller gult.

Squash blir hausta i umogen tilstand. Han kan etast rå eller varmebehandla, til dømes kokt eller steikt.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ordet «squash» er ei kortform av narragansettordet asquutasquash, der asq tyder 'rå' og ash er ei fleirtalsending. På engelsk kan squash visa til fleire ulike graskar (frukt og plantar frå sleka Cucurbita).[1] Andre namn på grønsaka squash er zucchini (italiensk, tysk og engelsk, tyder 'lite graskar'), courgette (fransk, tysk og engelsk) og summer squash (engelsk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «squash, n.2». Oxford English Dictionary (3. utg.). Oxford University Press. September 2005.  (Krev abonnement eller medlemskap i britisk offentleg bibliotek.)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Grønsaka squash