Graeme Pollock

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Graeme Pollock
Graeme Pollock.jpg
Fødd 27. februar 1944
Durban
Yrke cricketspiller
Graeme Pollock på Commons

Robert Graeme Pollock (fødd 27. februar 1944) er ein tidlegare sør-afrikansk cricketspelar.[1]

Pollock vart fødd i Durban i Natal i Sør-Afrika. Han spelte som slagmann for det sør-afrikanske landslaget og Eastern Province og Transvaal i den sørafrikanske serien. I 2000 utnemnde det sørafrikanske cricketforbundet Pollock til århundrets spelar i Sør-Afrika.[2]

Pollock spelte sin fyrste landskamp mot Australia som 19-åring. Han spelte 23 landskamper mellom 1963 og 1970, då den internasjonale idrettsboikotten av Sør-Afrika byrja, og scora meir enn hundre poeng i sju av sine 41 omgangar. Pollock heldt fram med å spele for eit uoffisiellt landslag fram til 1987.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Graeme Pollock» (English). CricketArchive. Henta 7. november 2008.  Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
  2. Chesterfield. «Pollock named South Africa's Player of the Century» (English). CricInfo. Henta 7. november 2008.  Parameteren |utgivelsesdato= er ikkje støtta av malen. (hjelp); Sjekk datoverdiar i |besøksdato= (hjelp)
Spire Denne idrettsartikkelen som har med Sør-Afrika å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.