Grafem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eit grafem er eit sett av symbol som kan byttast ut med kvarandre i eit skriftsystem. Grafem kan vere t.d. bokstavar, ideogram, talsymbol, skiljeteikn.

I ein fonologisk ortografi står grafema i eit eitt-til-eitt-tilhøve med fonema i det språket. Eit døme på eit slik språk er finsk, som kjem svært nært dette idealet. Eitt og same fonem kan bli representert med mange grafem, som det norske (og finske!) fonemet /ŋ/, som blir skrive <ng>.

Eit omgrep som delvis overlappar med grafem er glyff. Ein glyff er, som eit grafem, eit abstrakt omgrep som representerer klasser av symbol for å representere språk. Skilnaden er at der grafemar skil seg frå kvarandre på språkleg grunnlag, skil glyffar seg frå kvarandre på typografisk grunnlag.