Grav til ein ukjend soldat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grava til den ukjende soldaten i Paris.

Grav til ein ukjend soldat er gravmonument som inneheld leivningar av ein eller fleire uidentifiserte soldatar som har falle på slagmarka. Slike monument har ofte ei symbolsk nasjonal tyding, og er gjerne knytt til skilsetjande krigar. Dei kan ha æresvakter og visast ære ved særskilde seremoniar.

Skikken med ei grav til ein ukjend soldat blei utbreidd etter første verdskrigen.[1] Ei stor mengd soldatar døydde i denne krigen, og mange av dei blei ikkje identifiserte. Mange av dei falne blei gravlagde i provisoriske graver ved slagmarka og seinare på krigskyrkjegardar. Dei blei også minna på heimstaden gjennom minnesmerke utan graver, såkalla kenotafar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ideen om ei grav tileigna ein ukjend soldat voks fram rundt den same tida i Frankrike og Storbritannia. I november 1916 la ein lokal leiar i den franske krigsminneorganisasjonen Le Souvenir français, François Simon, fram ideen om å gravleggja ein fallen krigar med gravskrifta «ein soldat» i Panthéon. I november 1918 blei eit formelt framlegg om å æra ein slik ukjend soldat lagt fram i parlamentet, som støtta ein slik lov i september 1919.[2] I november 1920 blei parlamentet samde om å gravleggja denne soldaten ved Triumfbogen i Paris. Ein veteran frå første verdskrigen, 21-årige Auguste Thin, fekk i oppdrag å velja ut ein av åtte ukjende døde henta frå hovudslagmarkene frå krigen. Dei utvalde leivingane blei høgtideleg tekne til Triumfbogen den 11. november 1920. Dei blei gravlagde ved ein seremoni 28. januar 1921. 11. november 1923 tende krigsminister André Maginot ein seremoniell flamme ved grava. Flammen er sidan blitt tend att kvar dag ved ein militær seremoni.

Kista til den ukjende soldaten som blei gravlagd i Westminster Abbey i november 1920.

Liknande idear voks fram i Storbritannia. Presten David Railton, som verka for den britiske Imperial War Graves Commission (no Commonwealth War Graves Commission), hadde som militærprest ved Vestfronten sett ei grav med ein provisorisk kross der det stod skrive med blyant «Ein ukjend britisk soldat».[a][3] I august 1920 la han fram ideen for dekanen av Westminster Abbey, Herbert Ryle. Året før hadde ein liknande ide også blitt lufta i Daily Express. Statsminister David Lloyd George, kong Georg V og folk generelt støtta tanken,[3] og 7. november 1920 blei ein tilfeldig soldat vald ut frå leivningane etter fire britiske soldatar frå viktige slagmarker av offiseren med ansvar for troppane i Flanderen og Frankrike, brigadegeneral L.J. Wyatt. Den utvalde soldaten blei lagd i to kister og send til Storbritannia. 11. november blei kista ført i ein prosesjon gjennom London til kenotafen der. Etter ei stille på to minutt frå klokka 11.00 blei kista teken til Westminster Abbey gjennom ein æresvakt. Her blei ho gravlagd i jord henta frå dei viktigaste slagmarkene i Frankrike. Gravminnet blei laga i svart marmor frå Belgia. I den første veka etter seremonien ble grava vitja av over ein million menneske.[4]

Tomb of the Unknowns i USA.

11. november 1921 blei ein ukjend soldat grunnlagd ved Arlington National Cemetery i USA. Grava har æresvakt heile døgnet. Seinare blei denne grava til ei grav for dei ukjende eller Tomb of the Unknowns, etter at ein også gravla uidentifiserte soldatar frå andre verdskrigen, Koreakrigen og Vietnamkrigen. Den døde soldaten frå Vietnamkrigen blei seinare identifisert gjennom DNA-testing som Michael J. Blassie, og leivningane hans flytta. Den tomme grava etter han er no dedisert til forsvunne soldatar - Missing Servicemen, 1958–1975.[1]

Neue Wache i Berlin er i dag eit minnesmerke for offer av krig og tyranni. Det blei nytta som eit minnesmerke for falne i første verdskrigen frå 1931. Etter å ha blitt hardt skadd under andre verdskrigen blei bygget gjenreist under DDR som eit minnesmerke til offer for fascime og militarisme. I 1969 blei ein ukjend soldat og ein ukjend konsentrasjonsleirfange gravlagd her med ein evig flamme brennande over.[5] Fram til 1990 hadde minnesmerket militærvakt med vaktskifteseremoniar. Etter gjenforeininga av Tyskland blei minnesmerket avmilitarisert og vigd til offer for krig og tyranni. Den evige flammen blei erstatta av Käthe Kollwitz sin statue av ei mor med den avdøde sonen sin.[6][7]

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. An Unknown British Soldier

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Robert Lewis (13. september 2017). «Tomb of the Unknown Soldier». Encyclopædia Britannica. Encyclopædia Britannica, inc. Henta 24. april 2018. 
  2. Jean-Yves Le Naour, Le soldat inconnu : la guerre, la mort, la mémoire, Gallimard, 2008, s. 20
  3. 3,0 3,1 Henry Allingham; Dennis Goodwin (2011). Kitchener's Last Volunteer: The Life of Henry Allingham, the Oldest Surviving Veteran of the Great War. Random House. 
  4. Mario Cacciottolo (11. november 2010). «The unknown soldier's journey from trench to tomb». BBC News. 
  5. Stephen Kinzer (15. november 1993). «Berlin Journal; The War Memorial: To Embrace the Guilty, Too?». The New York Times. 
  6. «Neue Wache Memorial». Berlin Tourismus & Kongress GmbH. 
  7. Siobhan Kattago (2001). Ambiguous Memory: The Nazi Past and German National Identity. Greenwood Publishing Group. s. 132. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Laura Wittman: The Tomb of the Unknown Soldier, Modern Mourning, and the Reinvention of the Mystical Body. University of Toronto Press, 2011.