Grete Wold

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grete Wold
Fødd15. januar 1968 (56 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSosialistisk Venstreparti
Yrkepolitikar
Alle verv

Grete Wold (fødd 15. januar 1968) er ei norsk offentleg tenestekvinne og politikar, busett i Holmestrand. Sidan hausten 2021 representerar ho Vestfold og Sosialistisk VenstrepartiStortinget.

Wold arbeidde i sosialtenesta i Horten frå 1993 til 2008?. Sidan var ho leiar av sosialmedisinsk senter i Sandefjord. Ved stortingsvalet 2017 var ho Vestfold SV sin andrekandidat, fylkespartiet fekk ikkje stortingsmandat. Til stortingsvalet 2021 hadde Wold fått fyrsteplassen på vallista til Vestfold SV og vart vald for perioden 2021–25. På Tinget fekk ho sete i Kommunal- og forvaltningskomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]