Hopp til innhald

Grethe Eilertsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grethe Eilertsen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. mai 1958 (67 år)
Yrke professor
Ektefelle Geir Barvik

Grethe Eilertsen (fødd 19. mai 1958) er ein norsk professor i klinisk sjukepleie ved Fakultet for helsevitskap ved Høgskulen i Søraust-Noreg og professor II i same fag ved NTNU.[1][2]

Eilertsen er utdanna sjukepleiar i 1982, har embetseksamen i sjukepleievitskap frå 1990 og er dr. polit. i sjukepleievitskap frå 2005. Ho var tilsett som universitetslektor i sjukepleievitskap ved Det medisinske fakultet ved Universitetet i Oslo frå 2000 til 2005, då ho vart førsteamanuensis ved den dåverande Høgskulen i Buskerud. Ho har mellom anna forska på kvinnehelse, eldreomsorg, hjerneslag og rehabilitering.[1] Ho er gift med Geir Barvik.[3]