Grimsby
Grimsby | |||
by | |||
Grimsby Dock Tower
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Lincolnshire | ||
Distrikt | North East Lincolnshire | ||
Folketal | 88 243 (2011)[1] | ||
Grunnlagd | 800-talet | ||
Postnummer | DN31 - DN34, DN35, DN37 | ||
Retningsnummer | 01472 | ||
![]() Grimsby 53°34′03″N 0°04′48″W / 53.5675°N 0.08°W | |||
Wikimedia Commons: Grimsby |
Grimsby er ein hamneby ved utløpet av Humber i Lincolnshire i England, med 85–90 000 innbyggjarar. Han har vore administrasjonssenter for North East Lincolnshire (område med sameint styresmakt sidan 1996. Busetnaden går over til nabobyen Cleethorpes i søraust i ein konurbasjon
For å skilje han frå Little Grimsby som ligg 22 km lenger sør, vart byen ofte kalla «Great Grimsby».
Kjende landemerke i Grimsby er kyrkjebygget Grimsby Minster, hamna Port of Grimsby, stranda Cleethorpes Beach og kultursenteret Grimsby Fishing Heritage Centre. Grimsby ver heimehamn for den største fiskeflåten i verda rundt midten av 1900-talet,[2] men fiskeriet gjekk så kraftig tilbake.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lokale soger seier at byen vart grunnlagt av ein dansk fiskar som heitte Grim på 800-talet.[3] På 1100-talet utvikla byen seg til eit handlesenter og ei fiskerihamn. Han var nummer 12 i rekkja av skattebetalarar til kongen, og fekk grunnleggingsbrevet sitt av Johan av England i 1201. Den fyrste borgarmeisteren blei innsett i 1202.[4]
Grimsby har aldri hatt bymurar, han var for liten til det, og dessutan var han verna av det sumpete omlandet rundt byen. Men han hadde ei vollgrav i mellomalderen. Frå 1400-talet kom byen inn i ei nedgangstid i samband med tilslamming av hamna som varte heilt til 1800-talet. I 1801 var folketalet 1524, omtrent same tal som i mellomalderen.[5] Men etter det har byen vakse mykje.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://www.citypopulation.de/UK-Cities.html.
- ↑ «The view from Grimsby». The Economist. 25. april 2015. Henta 11. decsmber 2015.
- ↑ «Grim's legend stands firm as historic tale». Grimsby Telegraph. 30. desember 2008. Arkivert frå originalen 25. mai 2012. Henta 16. november 2014.
- ↑ Shaw, George (November 2010). Old Grimsby. Wellowgate Publications Ltd. s. 136. ISBN 978-1-4092-3671-9. Henta 6. juni 2013.
- ↑ Census Office (1873). Census of England and Wales, 1871. G. E. Eyre and W. Spottiswoode. s. 35.