Grindheim stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grindheim stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til Grindheim stavkyrkje

Grindheim stavkyrkje var ei stavkyrkje i Etne i Hardanger, som vart riven rundt 1725.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Eit kyrkjesokn i Grindheim er første gong nemnd i 1326.[1] Kyrkja er nemnd for siste gong i 1722. Soknet fekk ny tømmerkyrkje i 1728, så stavkyrkja må vera riven mellom 1722 og 1728.[2]

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

I rapporten frå 1722 står det at kyrkja hadde "stopul frå grunnen". Breidda på skipet viser at kyrkja må ha vore treskipa. Kyrkja var i 1722 bordkledd. Storleiken på skipet var 44 fot gonger 28 fot (14 m x 9 m) og koret 16 fot gonger 16 fot (5 m x 5 m).[2]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. "...j Grindhæims kirkiu sokn". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 480. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum I, 186
  2. 2,0 2,1 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 480

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]