Grjotgard Herlaugsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grjotgard Herlaugsson (norrønt: Grjótgarð) levde truleg tidleg på 800-talet og var ein av Håløygejarlane.

Han hadde truleg hovudsete på Ørlandet eller i Selva (norrønt: Sǫlvi) i Agdenes, ved innlaupet av Trondheimsfjorden. Ein finn namnet hans ætterekkja for Håløygætta, slik ein kan lese i Historia rerum Norvagicarum[1] der han er ført opp med namnet griotgardus. Han var han son av Herlaug Haraldsson jarl, og farfar hans skal ha vore Harald Naumdølajarl.

Han var far til Håkon Grjotgardsson, den første ladejarlen, og i Landnåmaboka[2] er det nemnt at han skal ha hatt ei dotter som heitte Rannveig.

Landnåmaboka[2] (Landnámabók) er ei forteljing som vart skriva på slutten av 1100-talet, og handlar om korleis Island vart busett (landnåmstida) frå slutten av 800-talet. I boka finn ein ei opplysning om korleis Grjotgard Herlaugsson jarl døydde, i bolk (kafli) 94 blir det sagt slik:
Gunnstein Beserkerbane, son av Bolverk Blindingtryne[Note 1] drap to beserkar, og ein av dei hadde tidlegare drepe Grjotgard jarl i Selva innanfor Agdenes.

Grjotgard Herlaugsson skal ha blitt gravlagt ein stad sør for Agdenes og gravhaugen vart kalla Grjotgardshaugen (no ukjend stad).

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. (Norrønt: Bölverks blindingatrjónu) Bolverk er namnet på ei type stridsøks. Tydinga av Blindingtryne er usikker, men kan ha samanheng med namnet «blinding», eit blodsugande insekt med venger med svarte tverrband, i kleggfamilia.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Historia rerum Norvagicarum av Thormod Torfæus (side 146)
  2. 2,0 2,1 Landnåmabok frå snerpa.is

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]