Håkon Grjotgardsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Håkon Grjotgardsson
Død Omlag år 910, Stavenesvågen ved Fjaler
Dødsårsak Fall i slag
Bustad Selva ved Agdenes, seinare Lade
Kjend for Den første ladejarlen
Tittel Ladejarl
Føregjengar Grjotgard Herlaugsson
Etterfylgjar Sigurd Håkonsson ladejarl

Håkon Grjotgardsson (norrønt: Hákon Grjótgarðsson) (døydde om lag 910) er den første, historisk sikre personen i Håløygeætta, og han var truleg den første i denne ætta som busette seg på Lade og han var den første Ladejarlen. Frå hans tid, og i dei neste hundre åra, er det denne ætta som kom til å bli dei reelle makthavarane i Trøndelag.

Familie og bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Han var son av Grjotgard Herlaugsson som budde på Selva (norrønt: Sǫlvi) i Agdenes ved innlaupet av Trondheimsfjorden, og han var far til Grjotgard Håkonsson, Herlaug Håkonsson, Sigurd Håkonsson Ladejarl og Åsa Håkonsdotter. Han er nemnd i skaldediktet Håløygjatal[1] av Øyvind Finnson Skaldespille, og i sogelitteraturen finn vi opplysningar om han i Soga om Harald Hårfagre[2] og i Fagerskinna[3]. Han vart truleg særs gamal og i Fagerskinna blir han kalla Håkon gamle (norrønt: Hákon gamli).

Sonen Sigurd er i Fagerskinna omtala som hyrna-jarl (tolka som yrna-, til norrønt Yrjar, dvs Ørlandet), og det kan difor tenkjast at Håkon og folket hans ei tid, før dei kom til Lade, budde på Ørlandet, på nordsida av Trondheimsfjorden.

Herredøme over Trøndelag og Hålogaland[endre | endre wikiteksten]

I sogene blir det fortalt at kong Harald Hårfagre][Note 1] kom over fjellet frå Opplanda og la under seg Trøndelag, og at Håkon Grjotgardsson då gjekk i forbund med han. Han skal ha blitt kong Harald sin jarl i Trøndelag (Fagerskinna nemner òg Sygnafylke) og han skal ha gift bort dotter si, Åsa, til kongen. Men det som blir fortalt om dette i Heimskringla, er truleg ein konstruksjon av Snorre, og viser berre kva for oppfatning sogeforfattarane på 1200-talet hadde av historia om Harald Hårfagre og «rikssamlinga». Det må leggjast til grunn at all historieforteljing om Harald Hårfagre i Trøndelag, bygger på usikre kjelder, i røynda er det like sannsynleg at Håkon jarl sjølv skaffa seg herredøme over Trøndelag og Hålogaland, kanskje i strid med kong Harald.[Note 2]. (Om jarle-tittelen, sjå Norges Historie v/Bugge[4].)

Håkon Grjogardsson er òg nemnt i den islandske Landnåmaboka[5], der vi kan lese at fleire mektige menn reiste til Island, fordi dei kom i usemje med han. Mellom desse var Vebjørn Sygnakappe (Vébjörn Sygnakappi) frå Sogn, Torolf Fasthaldi (Þórólfur fasthaldi) frå Sogn, Tore Tussesprange (Þórir þursasprengir) frå Åmd i Hålogaland, Lodin Angel (Loðinn öngull) frå Hålogaland og lendmann Ølve Kvite (Ölvir hinn hvíti) frå Almdal i Vefsen. Vi ser av dette at Håkon Grjotgardsson jarl må ha gjort seg gjeldande langt utanom Trøndelag.

Slaget ved Stavenes[endre | endre wikiteksten]

Håkon Grjotgardsson ladejarl døydde i eit slag ved Fjaler, i ein våg som blir kalla Stavenesvågen (i dag: truleg Stongfjorden). Truleg stod slaget mellom ei hær frå Hålogaland og Trøndelag og hærstyrkane til Firdajarlen Atle Mjove, om herredømet over Vestlandet (Sygnafylket). I dette slaget fekk Atle jarl banesår og Håkon jarl fall. Ein reknar med at slaget stod omkring år 910.

Slik er det nemnt i Håløygjatal[1] (nørrøn tekst med dansk omsetjing[6]):

Varð Hôkun
Hǫgna meyjar
viðr vápnberr,
es vega skyldi,
ok sinn aldr
í odda gný
Freys ôttungr
á Fjǫlum lagði.
Ok þar varð,
es vinir fellu
magar Hallgarðs,
manna blóði
Stafaness
við stóran gný
vinar Lóðurs
vágr of blandinn.
Håkon stod,
som Høgnes datters
træ, værnløs
i våbenstriden;
Frejs slægtning
sluttede livet
i oddegny
ude på Fjaler.
Stridsfæller
til Stengards søn
faldt i larm
fra Lodurs ven;
bugtens strøm
ved Stavenes
blev blandet
med blod fra mænd.

Etter at Håkon Grjotgardsson døydde, vart sonen hans, Sigurd Håkonsson, den nye ladejarlen.

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Kong Harald hadde i samtida truleg tilnamnet «Luva».
  2. At Håkon i sogene er nemnd som «jarl» blir, som oftast når det er tale om ladejarlane, sett synonymt med «kongens jarl» - noko som er ei historisk mistolking. «Jarl» er ein eldgamal hovdingtittel som eksisterte lenge før Harald Hårfagre si tid og er truleg eldre enn konge-tittelen.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Háleygjatal: Skaldic Project: Øyvind Finnson Skaldespille
  2. Soga om Harald Hårfagre
  3. Fagrskinna av P.A.Munch og C.R.Unger 1847 (norrøn tekst)
  4. Alexander Bugge: Norges historie (1910) 1. bind, anden del, s. 122
  5. Landnåmasnerpa.is: Landnåmabok (Sturlabok), norrøn tekst
  6. Håleygjatal av Eyvindr Finnsson Skáldaspillir (dansk tekst)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]