Grong Gruber

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Grong Gruber A/S er eit tidlegare norsk gruveselskap skipa i 1969 av Elkem, Sulitjelma Gruber, A/S Sydvaranger og Årdal og Sunndal Verk. Det opna i 1972 drifta på Joma-førekomsten i Røyrvik i Nord-Trøndelag med produksjon av kopar- og sinkkonsentrat basert på svovelkismalm. Same type malm vart frå 1993 også produsert frå den nærliggjande Gjersvik-førekomsten. Geologisk høyrer førekomstane til gruppa av kaledonske kismalmar. Grong Gruber vart i 1987 innlemma i Norsulfid A/S, eigd av finske Outokumpu, som vart lagt ned i 1998. Totalproduksjonen var på kring 11 millionar tonn råmalm som gav om lag 150 000 tonn kopar og 125 000 tonn sink i konsentrat; svovelkisen vart ikkje gjort bruk av. Utskipinga var over Namsos.

Allereie i 1912 vart eit tidlegare selskap, A/S Grong Gruber, oppretta for å utnytte svovelkisforekomstene i Joma, som vart oppdaga i 1911. Drifta vart i 1918 teken over av Staten, og selskapet skifta i 1957 namn til A/S Joma Bergverk, og vart lagt ned i 1969.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]