Namsos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Namsos
stad
Namsos from Klompen.jpg
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Namsos
Areal 4,53 km²
Folketal 8 367 (2017)
Folketettleik 1 847 / km²
Innbyggjarnamn namsosing
Wikimedia Commons: Namsos (town)

Namsos er ein by og administrasjonssenteret i Namsos kommune i Trøndelag fylke. Byen ligg lengst inne i Namsenfjorden, ved munningen av lakseelva Namsen, og har 8 367 innbyggjarar per 1. januar 2017.

Namsos vart grunnlagt i 1845. Byen består mest av trehus og har brunne ned tre gonger i si relativt korte historie. Fyrste gongen var i 1872 då to gutar leikte med fyrstikker. Andre gongen var i 1897 av ukjent årsak. Tredje gongen var under andre verdskrigen då byen vart bomba av tyske fly den 20. april 1940. Nærleik til Namsen og dei store skogane gjorde staden ideell for sagverk. I dag finst framleis eitt av dei elleve historiske sagverka, Moelven Van Severen.

Det er tollavgift med bil inn til Namsos, som skal gå til å finansiere ei ny bru og tunell, i tillegg til vedlikehald av det lokale vegnettet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne Trøndelagartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.