Gross Windgällen
Gross Windgällen | |||
fjell | |||
Utsyn frå Arnisee mot Chli Windgällen (fremst) og Gross Windgällen (bakarst)
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Glarus-Alpane | ||
Høgd | 3 187 moh. | ||
Primærfaktor | 552 m ↓ ↑ Tödi | ||
Koordinatar | 46°48′26″N 8°43′56″E / 46.80722°N 8.73222°E | ||
Førstestiging | Josef Maria Tresch-Exer | ||
• dato | 1848 | ||
Gross Windgällen 46°48′26″N 8°43′56″E / 46.807222222222°N 8.7322222222222°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Gross Windgällen |
Gross Windgällen er eit 3 187 m høgt fjell i Glarus-Alpane i Sveits. Fjelltoppen høyrer heime i kantonen Uri og ligg på nordsida av Maderanertal, og på sørsida av Schächental. Fjellet dannar hjørnestolpe mot vest i den tunge fjellrekka Gross Windgällen, Wiss Stöckli, Gross Ruchen, Chli Ruchen, Gross Schärhorn, som sett frå nord stuper ned med bratte, mektige bergveggar. Sørvest for fjelltoppen ligg den 2 986 m høge Chli Windgällen. Ved foten av den 900 meter høge nordveggen på Gross Windgällen ligg Seewlisee i 2 028 meters høgde. Med ei flatevidd på ni hektar og ei djupn på 20 meter er det det største naturlege fjellvatnet i kantonen Uri.
Fyrstebestiging
[endre | endre wikiteksten]Fjellet vart klive fyrste gongen i 1848 av ein fjellførar frå Uri, Josef Maria Tresch-Exer, saman med Melchior Tresch. Dermed kunne Tresch-Exer greitt gjennomføre ein planlagd og betalt topptur saman med Georg Hoffmann ti dagar etter fyrstebestiginga.
Normalrute
[endre | endre wikiteksten]Windgällenhütte (2032 moh) er eit eigna startpunkt for ein topptur langs normalruta. Ruta fører over den Stäfelfirn til austveggen, forbi denne til nordryggen og langs denne til fjelltoppen. Turen må seiast å vere krevjande.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gross Windgällen» frå Wikipedia på tysk, den 17. oktober 2009.