Grunnførfjorden

Koordinatar: 68°23′33″N 14°33′09″E / 68.39250°N 14.55250°E / 68.39250; 14.55250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

68°23′33″N 14°33′09″E / 68.39250°N 14.55250°E / 68.39250; 14.55250 Grunnførfjorden er ein fjord på nordsida av Austvågøy langs grensa mellom Vågan og Hadsel kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 4,5 km sørover til Hopen, ei lita vik i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Basaneset i nord og Delpneset i sør. Ved innløpet i nord ligg òg grenda Grunnfør, som fjorden er kalla opp etter, medan grenda Delp ligg på sørsida. Inst i fjorden på austsida ligg grenda Grunnførfjord. Midt i fjorden ligg Storholmen og her kryssar Fv888 fjorden via to vegfyllingar. Berre ein liten opning på vestsida av holmen gjev innløp vidare innover i fjorden.