Gryterett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Gulasj er ein ungarsk gryterett.

Gryterett eller berre gryte er ein varmmatrett der dei fleste ingrediensane er kokte saman i eit kokekar, gjerne i ein krydra saus.[1]

Nokre klassiske gryteretter er mellom anna frikassé, som kan lagast med kjøt frå høne, kalv eller lam, franske retter som pot-au-feu, ei gryte med kokekjøt, grønsaker, krydder og urter, bouillabaisse med sjømat, kvitvin, lauk, kvitlauk og urter og coq au vin, spekka fjørfe kokt med vin, sopp og kvitlauk.

I moderne matlaging kan retten «gryte» ofte visa til lett- og hurtiglaga halvfabrikata frå poser og pakkar der ein berre tilset til dømes vatn og steikt kjøtdeig og gjev dei eit raskt oppkok før servering.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]