Guacamole

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guacamole.

Guacamole er ein kald saus laga av avokado. Retten stammar frå aztekar-indianarane i Mexico, men har vorte populær både i USA og mykje av vesten som dip eller saus, gjerne til sterkt krydra mat.

Ei oppskrift[endre | endre wikiteksten]

Guacamole er enkel å laga, og oppskrifta kan varierast etter smak. Éin måte å laga guacamole på er fylgjande: Del ein avokado på langs, ta av skalet og fjern steinen. Mos deretter avokadoen godt med ein gaffel i ein bolle og tilset litt finhakka løk, 1 fedd kvitløk, 2 matskeier majones, 2 matskeier sitronsaft, litt chilipulver og salt. Rør ingrediensane saman til ein fin masse - kan også gjerast med matprosessor. Dekk deretter guacamolen til med plast og la han stå kjølig fram til serveringa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk Wikipedia om Guacamole, henta inn 21. mars 2012.
  • Oppskrift på Guacamole er henta frå: Amland, Kongsten, Aarum, Blaker, Hushovd, Hårstad og Kåsin (1998) Frå bollar til burritos. Universitetsforlaget.