Guang'an
Guang'an (forenkla kinesisk: 广安; tradisjonell kinesisk: 廣安; pinyin: Guǎng'ān) er eit byprefektur aust i provinsen Sichuan i Kina, som i sør grensar mot byprovinsen Chongqing. Byprefekturet har eit areal på 6 344 km², folketalet vart i 2004 berekna til 4,53 millionar.
Byprefekturet Guang'an omfattar eitt distrikt (区 qū), eitt byfylke (市 shì) og tre fylke (县 xiàn).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Guang'an ligg langs kanten av Sichuansletta. Austdelen er fjellrik, den sentrale delen kupert, medan den vestlege delen er relativ flat. Høgda varierer frå 185 til 1 704 meter over havet. Dei største elvane er Qu som renn gjennom den midtre delen av Guang'an og Jialing som renn gjennom vestdelen.
Samferdsle
[endre | endre wikiteksten]Kinas riksveg 212 går gjennom området. Vegen tek til i Lanzhou i Gansu og fører sørover via Nanchong i Sichuan til han endar i Chongqing.
Ymse
[endre | endre wikiteksten]Deng Xiaoping var frå landsbyen Paifeng i Guang'an.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guang'an» frå Wikipedia på bokmål, den 9. april 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Guang'an» frå Wikipedia på engelsk, den 9. april 2012.