Lanzhou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Lanzhou (gult) i Gansu.

Lanzhou (forenkla kinesisk 兰州, pinyin Lánzhōu, tradisjonell kinesisk 蘭州) er eit kinesisk byprefektur som ligg ved elva Huang He og er provinshovudstad i Gansu vest i Kina. Byprefekturet har eit areal på 13 100 km², og eit folketal berekna i 2008 til 3,31 millionar. Innanfor bygrensene budde i 2004 om lag 1,86 millionar.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byprefekturet Lanzhou omfattar fem distrikt (区 ) og tre fylker (县 xiàn).

Lanzhou er ein dei mest forureina byane i heile verda. Sikten kan vere så liten at ein ikkje ser fjellet Lanshan, som reiser seg bratt tett sør for byen. Byen ligg i ei trong kløft der Huang He gjer ein sving slik at det er nesten inga fri luftutveksling med områda rundt. Lanzhou er tidvis plaga av store støvstormar frå Gobiørkenen, særleg om vinteren og våren.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Viktigaste industrigreinene er tekstil, gummi, gjødsel, oljeraffineri, petrokjemi, maskinproduksjon, samt metallurgisk industri.

Lanzhou er senter for den omfattande petrokjemiske industrien i Gansu. Eit stort raffineri ved byen har røyrleidning til oljefelta ved Yumen. Det vert også laga utstyr til oljeindustrien. Tekstilindustrien er særleg kjend for produksjonen av ull- lervarer. I byen vert det bygt lokomotiv til dei kringgåande jarnvegane, samt maskinreiskapar og gruveutstyr. Aluminiumsvarer, kjemikaliar og kunstgjødsel vert produsert i ein stor skala. Ei mengde gummiprodukt vert framstilt. Lanzhou har sidan 1960-åra vore eit senter for den nasjonale kjernekraftindustrien.

Panorama over midtbyen i Lanzhou

Kjelder[endre | endre wikiteksten]