Sichuan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sichuan si plassering i Kina
Bru over elva Jin i Chengdu i Sichuan

Sichuan (kinesisk skrift 四川, pinyin Sìchuān, tidlegare postromanisering Szechwan og Szechuan) er ein provins i Kina.

Provinsen dekker 485 000 km², og er den største provinsen i det sørvestlege Kina. Sichuan har 87 millionar innbyggarar (2004). Av desse er 98 % hankinesarar, mens resten høyrer til 14 av dei offisielle etniske minoritetane i Kina. Provinsen er fjellrik med mange elvar, den største og viktigaste er Chang Jiang. Sichuan er rikt på naturressursar: kol, olje, naturgass, titan, kopar, vanadium, gull og salt. Provinshovudstad er Chengdu.

Sichuan kan delast i to topografiske halvdelar: Sichuanhøgsletta i vest, og Sichuanbassenget(det raude bekken) i aust. Sichuanhøgsletta er del av den tibetanske høgsletta med fleire nord-sør-gåande fjellryggar. Området har mange høgtliggande beitemarker og skogkledde tindar. Høgsletta er delt i to autonome prefektur med tibetanarar, qiangfolket og/eller yifolket. Det raude bekken har subtropisk klima og rikeleg sommarregn. Heile landskapet er oppdyrka, terrassert og kunstig vatna. Det er svært tettfolka, men ettersom det er omgitt av fjell har det i tidlegare tider vore mykje isolert frå omverda. Frå 1950-åra har omfattande veg- og jarnbanebygging opna området.

Storbyen Chongqing vart i 1997 skilt frå provinsen og dannar no ein sjølvstendig byprovins.

Det nordlege Sichuan vart 12. mai 2008 ramma av eit kraftig jordskjelv med ein momentmagnitude på 7,8. Episenteret låg i fylket Wenchuan, eit område som tidlegare fleire gongar har vorte ramma av jordskjelv med sterk styrke.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Jiuzhaigoudalen i det autonome prefekturet Ngawa for tibetanarar og qiangfolket i det nordlege Sichuan. Dalen er kjend for sine fossar og innsjøar. Med på verdsarvlista til UNESCO i 1992.

Sichuansletta er eit fruktbart område med låge bakkar og elvesletter heilt omgitt av fjell. Mot vest og nord ligg grensa til Tibet, i sør ligg Yunnanhøgsletta og i aust finst eit fleire hundre kilometer breitt belte av åsar forma av Chang Jiang og tilflytande elvar. Elvesletta er eit fruktbart og produktivt landbruksområde.

Randfjella er Minshan-, Longmen-, Micang- og Dabafjellae mot nord, Wushanfjellkjeda mot aust og Shaluli-, Qionglai- og Daxuefjella mot vest. Mot sør går landskapet nokså jamnt over i fjella i Yunnan.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Området er utsett for sterke tektoniske spenningar som stadig endar i jordskjelv. Årsaka er den langsame forskuvinga av den indiske kontinentalplata nordover mot den eurasiske kontinentalplata. Kontinentalplata flyttar seg fire til fem centimeter årleg.

Låglandet omfattar vide område med ein undergrunn av raudleg sandstein og fiolett skifer, som i fellesskap dannar grunnlag for eit fruktbart jordsmonn. Sletta går over i låge kalksteinsfjell som når opp i 700 meters høgde. I den vestlege delen av Sichuansletta får Chang Jiang tilflot frå elvane Minjiang-Dadu, Tuojiang og Jialing, og i Sichuanbassenget renn dei saman med Yalong. Der elvane når fram til låglandet minkar elvestraumen og det vert avsett sediment.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet på Sichuansletta er subtropisk med varme, skoddefylte somrar (26 til 29 °C) og kjølige, ofte overskya, vintrar (5 til 8 °C). I januar er temperaturen på dei lågaste delar av sletta 3-8 °C, på Sichuanplatået –9–+3 °C og i sør 8–13 °C. I juli er det 25–29 °C i låglandet, 11–17 °C på platået og 22–26 °C i sør. Fjella nord for sletta vernar mot vinterkulden ved å sperre for den sørgåande kalde luftstraumen frå Sentralasia.

Årleg nedbør er på 1000 mm i Det raude bekken, 500–700 mm på Sichuanplatået og 800–1200 mm i sør. Fjella hindrar stor omrøring i lufta, og det legg seg ofte eit lok over luftmassane i det lågtliggande bekkenet (temperaturinversjon). Om sommaren er det ofte overskyet eller mykje disig, og på mange vinterdagar ligg det skodde. I Chengdu i den vestlege del av Sichuansletten har ein gjennomsnittleg disig ver i meir enn 300 dagar om året.

Natur[endre | endre wikiteksten]

I Sichuanbassenget er lite att av dei opphavlege biotopane. Nokre tempelskogar og visse heilage fjell som Leshan og Dazushan har restar av den opphavlege lauvskogen. Berre på små enkeltområde på elveslettene finst større skogar utanom dei nedre skråningar av Sichuanbassengets randfjell. Den mest spesielle biotopen finst på fjellet Emei, eit fjell som gjennom hundreår har gått fri for hogst då det har vorte rekna for heilagt.

Flora[endre | endre wikiteksten]

Pandaer i Chengdu

Vegetasjonen i Sichuanbassenget bestod opphavleg truleg av ei blanding subtropiske eiker og laurbær. Ulike artar av laurbærfamilien voks truleg på sletta, mellom dei machilus, lindera, litsea og kanel. Desse skogane er forlengst borte, ein reknar med at klimaksskogane i låglandet likna på plantesamfunn kjent frå tilsvarande klima andre stader i Kina.

Udyrka område av Sichuanbassenget omfattar skoglause skråningar med buskvekstar som rhododendron, Vaccinium bracteatum og myrica nana. Stadar som har hatt ro i noko tid kan ha opne vekstfelt av Pinus massoniana eller kryptomeria (cryptomeria japonica), men desse er ofte planta. Kalksteinsfjella har busk- og skogvekst som er svært markante med platycarya, sichuanpepar (Zanthoxylum planispinum) og ymse roseartar.

Biodiversitet[endre | endre wikiteksten]

Sichuan er prega av sort biodiversitet. Kanskje finst det så mykje som ca. 12 000 artar av karplanter, dvs. 40 % av alle planteartar i Kina. 3500 artar (eller 29 %) av dei og minst 20 slekter er endemiske, her medrekna 100 endemiske bregner og 20 endemiske nakenfrøa planter. To plantefamiliar er i sin heilskap endemiske for Sichuan; dei to er circaeasteraceae og den monotypiske acanthochlamydaceae.

Området er ein fristad for mange planteartar som ikkje finst andre stader i verda. Her kan nemnast representantar for slektene rhododendron, Rhodiola, Kingdonia og Circaeaster. Meir enn 25 % av all verdas rododendronartar (230 ulike) finst i fjella, mange av dei er endemiske og sjeldne.

I det raude bekken fanst ein gong nokre sjeldne planter som i dag veks på låge fjell i landet med subtropiske vekstforhold. Det dreiar seg mellom anna om trebregnen cyathea spinulosa, duetreet (Davidia involucrata) og nåletreet cathaya argyrophylla.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Tibetanarar, her i prefekturet Ngawa, er ein større etnisk minoritet i Sichuan.

Størstedelen av befolkninga i Sichuan er hankinesarar. Dei viktigaste minoritetane er tibetanarar, yi, qiang og nakhi. Desse bur i ulike område i den vestlege delen av provinsen. Sichuan var Kinas mest folkerike provins inntil Chongqing vart skilt ut, då vart Henan den mest folkerike. Om ein tek med gjestearbeidarar er derimot Guangdong meir folkerik enn Henan.

Sichuan var den tredje mest folkerike undernasjonale eininga i verda, etter Uttar Pradesh i India og sovjetrepublikken Russland inntil 1991, då Sovjetunionen vart oppløyst. I dag (2008) ligg han på sjetteplass blant dei mest folkerike, undernasjonale einingane.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Gatebilete frå Chengdu.

Sichuan har vore kjend som "Overflodsprovinsen". Han er ein av dei med størst landbruksproduksjon i heile Kina. Korn, inklusiv ris og kveite, er hovudprodukt med dei største avlingane i Kina i 1999. Andre handelsvarer er sitrusfrukter, sukkerrøyr, søtpoteter, fersknar og druesteinar. Sichuan hadde også størst produksjon av flesk av alle provinsane, og nest størst av silkeormkokongar i Kina i 1999. Sichuan er rik på mineral. Han har minst 132 ulike kjende årer med mineral. Reservane av 11 av mineralartane, mellom dei vanadium, titanium, og litium, er dei største i China. Panxi-regionen råder over 13.3% av reservane av jarn, 93% av titanium, 69% av vanadium og 83% of kobolt i heile landet.[1]

Sichuan er eit av dei største industrisentra i China. Provinsen har tungindustri basert på produksjon på kol, energi, jarn og stål. I tillegg har provinsen etablert mykje industri til framstilling av produkt til konsummarknaden; så som bygningsmaterialar, matvarer og silke. Chengdu og Mianyang er produksjonsentra for tekstilvarer og elektroniske produkt. Deyang, Panzhihua og Yibin er høvesvis sentra for maskinindustri, metallurgisk industri og vinproduskjon. Sichuan produserte i 2000 21.9% av all vin i Kina.

Bilindustrien er ein nøkkelsektor for maskinindustrien i Sichuan. Dei fleste bilprodusentane held til i Chengdu, Mianyang, Nanchong og Luzhou.[2]

Andre viktige industrigreiner i Sichuan er luftfarts- og våpenindustri. Fleire av Kina sine rakettar og satellittar har vorte utskotne frå 'Xichang Satellite Launch Center', ved byen Xichang.

Sichuan har vorte større turistmål. Dei fleste turistane kjem for å sjå dei varierte, vakre landskap og dei mange historiske minnesmerka.

Sichuans nominelle bruttonasjonalproduktvar i 2009 på 1 415 billionar yuan (US$207 milliardarn), tilsvarande US dollar 2 545 per capita.[3]

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Sichuan er delt opp i 21 einingar på prefekturnivå (ein subprovinsiell by, 17 byprefektur og tre autonome prefektur).

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete Type
Sichuan prfc map.png
1 Garzê (For tibetanarane) 甘孜藏族自治州 Gānzī Zàngzú Zìzhìzhōu Kangding Autonomt prefektur
2 Ngawa (For tibetanarane og qiangane) 阿坝藏族羌族自治州 Ābà Zàngzú Qiāngzú Zìzhìzhōu Barkam Autonomt prefektur
3 Mianyang 绵阳市 Miányáng Shì Fucheng Byprefektur
4 Guangyuan 广元市 Gǔangyúan Shì Lizhou Byprefektur
5 Nanchong 南充市 Nánchōng Shì Shunqing Byprefektur
6 Bazhong 巴中市 Bāzhōng Shì Bazhou Byprefektur
7 Dazhou 达州市 Dázhōu Shì Tongchuan Byprefektur
8 Ya'an 雅安市 Yǎ'ān Shì Yucheng Byprefektur
9 Chengdu 成都市 Chéngdū Shì Qingyang Subprovinsiell by
10 Deyang 德阳市 Déyáng Shì Jingyang Byprefektur
11 Suining 遂宁市 Sùiníng Shì Chuanshan Byprefektur
12 Guang'an 广安市 Guǎng'ān Shì Guang'an Byprefektur
13 Meishan 眉山市 Méishān Shì Dongpo Byprefektur
14 Ziyang 资阳市 Zīyáng Shì Yanjiang Byprefektur
15 Leshan 乐山市 Lèshān Shì Shizhong Byprefektur
16 Neijiang 内江市 Nèijiāng Shì Shizhong Byprefektur
17 Zigong 自贡市 Zìgòng Shì Ziliujing Byprefektur
18 Yibin 宜宾市 Yíbīn Shì Cuiping Byprefektur
19 Luzhou 泸州市 Lúzhōu Shì Jiangyang Byprefektur
20 Liangshan (For yiane 凉山彝族自治州 Liángshān Yízú Zìzhìzhōu Xichang Autonomt prefektur
21 Panzhihua 攀枝花市 Pānzhīhūa Shì Dongqu Byprefektur

Dei 21 einingane på prefekturnivå er delt opp i til saman 181 einingar på fylkesnivå (43 distrikt, 14 byfylke, 120 fylke og 4 autonome fylke). Desse einingane er i sin tur delt opp i 4 782 einingar på kommunenivå (1 865 bykommunar, 2 586 landkommunar, 93 etniske kommunar og 238 subdistrikt).

Etter at Chongqing vart skilt ut som provinsuavhengig by, vart Chengdu ny hovudstad i Sichuan.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Funn frå Sanxingdui

Frå Shang-dynastiet si tid var det busetnad i Sichuan, som i det 9. hundreåret f.Kr. utvikla seg til kongerika Shu 蜀 og Ba 巴. Desse vart annektert i 316 f.Kr. av det framveksande Qin-riket. Viktige arkeologiske funn frå Shu-riket varte gjort i landsbyen Sanxingdui 三星堆.

På 200-talet f.Kr. vart irrigasjonssystema ved Dujiangyan bygt, og vart snøgt eit viktig grunnlag for det rike jordbruket i provinsen.

Så snart eit av dei kinesiske dynastia gjekk mot oppløysing, var Sichuan oftast eit av dei områda som drog nytte av utviklinga og frigjorde seg frå sentralmakta. Slik oppstod gong på gong nye kongedømme. Til dømes i året 24 då Gongsun Shu under ein oppreist (Dei raude augebryns opprør) utropte seg til konge av Shu. Han styrte til 36, då keisar Han Guangwudi erobra riket hans. Då dei gule turbanars opprør varsla undergangen for Han-dynastiet, oppretta Zhang Lu 张鲁 eit taoistisk teokrati frå 186 til 216. Det omfatta Sichuan og det sørlege Shaanxi. Deretter grunnla Liu Bei 刘备 i 221 riket Shu-Han 蜀汉.

Allereie tidleg i 1930-åra kontrollerte kommunistane dei nordlegaste delane av Sichuan. I 1935 føregjekk Den lange marsjen gjennom Sichuan; eit av dei mest kjente slaga fann sted ved Ludingbrua over elva Dadu.

I 1936 gjennomlevde Sichuan ekstrem turke med etterfylgjande hungersnaud.

Etter at japanarane erobra Wuhan la Kuomintangregjeringa under Chiang Kai-shek i 1938 hovudkvarteret sitt til Chongqing.

I desember 1949 vart Sichuan den siste provinsen i Kina som vart erobra og innlemma i Folkerepublikken Kina.

Sichuans grenser var relativt konstante frå siste halvdelen av Ming-dynastiet. Dette vart endra i 1997 då storbyen Chongqing og kringliggande byer som Fuling og Wanxian vart frådelt for å danne ei eiga politisk eining. Dette vart dels gjort for å fremje utviklinga av dei vestlege regionane i Kina, dels for betre å kunne koordinere omplasseringa av folk som måtte flytte etter oppdemminga av Chang Jiang ved Tre kløfter-demninga. Vestenden av den oppdemte sjøen som gradvis har vorte til, strekker seg heilt inn til Chongqing.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. SICHUAN PROVINCE (hktdc.com)
  2. International Market Research - AUTO PARTS INDUSTRY IN SICHUAN AND CHONGQING
  3. CCTV