Guanyin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guanyin i porselen.
Trestatue av Guanyin sitjande i rajalilasana frå Liao-dynastiet.
Kinesisk Guanyin-figur, av varianten «den tusenarma Guanyin»

Guanyin (forenkla kinesisk 观音, tradisjonell kinesisk 觀音, pinyin Guānyīn, Wade-Giles Kuan-yin, japansk også Kannon) er ein guddom og ein viktig bodhisattva i austasiatisk tradisjon. Guanyin kan vera mannleg eller kvinneleg - i nyare kinesisk tradisjon ofte ei gudinne. Guanyin blir dyrka innan mahayana-buddhisme og taoisme. Ei rekkje soger og eigenskapar er knytt til henne . Guanyin står særleg for miskunn og moderskap, og blir tillagt evna til å gje barn.

Buddhisme[endre | endre wikiteksten]

I buddhistisk tradisjon er Guanyin ein boddhisattva tilknytt Avalokitesjvara. Ifølgje ei soge var ho klar til å oppnå nirvana då ho høyrde klageskrika frå verda og vende tilbake for å hjelpa dei som framleis leid der. Namnet hennar kan tolkast som 'ein som høyrer ropet frå verda'.[1]

Guanyin er vernegudinne for tibetansk buddhisme.[2]

I nokre tradisjonar reknar ein med at avdøde blir plassert av Guanyin inni ein lotus og sende til det reine landet Sukhavati.[3] I rein land-tradisjonen er Guanyin nært knytt til Amitabha.[4]

Taoisme[endre | endre wikiteksten]

Innan taoismen er Guanyin rekna som ein udøydeleg (xiān). Ho er tidvis rekna som den same som gudinna Nu Ka.

Framstilling[endre | endre wikiteksten]

Kannon med elleve hovud.

Guanyin kan framstillast på ei rekkje måtar. Han eller ho kan vera sitjande i ein kongeleg kvilepositur (avleidd frå den indiske rajalilasana).[5] Gudinna er ofte vist som ei vakker, berrføtt kvinne i lange, lause klede. Ho kan ha vanleg tal armar og hovud, eller ulike tal, som åtte eller elleve hovud, seks eller mange («tusen») armar og fire, atten eller førti hender. Ho kan stå eller sitja åleine eller på ein fisk, delfin, elefant, ein drake eller fabelvesenet hou (liknande ei kinesisk løve). I armane kan ho halde ei korg eller eit spedbarn. På offentlege altar kan ho framstillast saman med to hjelparar - ein tilbedande «gyllen unggut» og ei kysk «jadejente».[1]

Soger[endre | endre wikiteksten]

I ei av sogene om Guanyin er ho ei prinsesse som ønsker å leva eit religiøst liv i eit tempel i staden for å gifta seg. Den sinte faren hennar gjev kvinnene i tempelet ordre om å gjera livet hennar der så hardt at dottera vil ombestemma seg. Guanyin får hjelp av vennlege og magiske dyr til å utføra dei umoglege oppgåvene.

Dette får faren til å setja tempelet i brann for å straffa alle i det. Guanyin sløkker flammane ved å ta på dei, utan å brenna seg. No bestemmer faren seg for å drepa dottera. Ho rir til dødsriket på ein tiger. Her gjer songen hennar tilværet betre, noko som frustrerer herskaren over dødsriket, som sender henne tilbake til dei levande. Tilbake på jorda som udødeleg bur Guanyin åleine på ei øy og sender trøyst til levande og døde.[6]

I naudsår blir det fortald at Guanyin brukte morsmjølka si til å vatna risplantane slik at folket fekk mat.[2]

Dyrking[endre | endre wikiteksten]

Festdagen til Guanyin er den 19. dagen i den andre månaden i månekalenderen. «Fødselsdagen» hennar fell tre gonger i året, den 19. i den andre, sjette og niande månaden.[1]

Det finst tempel til Guanyin over heile Kina. Ho er mykje dyrka av kvinner og er rekna som vernar av bønder, reisande, sjøfarande, krigande, sjuke, demente og avdøde, som ho skal kunna hjelpa frå piner etter døden.[1]

I Japan finst ein eldgammal tradisjon som går ut på å vitja trettitre tempel til Kannon i Nara og Kyoto. Denne byggjer på at Kannon kan finnast i trettitre former.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «The Legend of Quan Yin», holymtn.com
  2. 2,0 2,1 Leeming, David. «Chinese Deities». A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.
  3. Johnson, Reginald (2008) [1913]. Buddhist China. Soul Care Publishing. ISBN 978-0-9680459-3-0. 
  4. 4,0 4,1 Leeming, David. «Kannon». The Oxford Companion to World Mythology. Oxford University Press, 2005.
  5. Guanyin (2005-63), Princeton University Art Museum 
  6. Leeming, David. «Guanyin». The Oxford Companion to World Mythology. Oxford University Press, 2005.
  • Leeming, David. «Guanyin». A Dictionary of Asian Mythology. Oxford University Press, 2001.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur