Guillain-Barré-syndrom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Guillain-Barré-syndrom (GBS) er ein autoimmun sjukdom i det perifere nervesystemet der pasienten gradvis vert veikare og får mindre eller fråverande strekkrefleks. Sjukdomen har fleire variantar, og den mest vanlege forma av sjukdomen inkluderer demyelinisering og byrjar gjerne med stadig veikare bein. Kring 3 prosent av pasientar med Guillain-Barré-syndrom døyr.

Guillain-Barré-syndrom kan oppstå etter kirurgi, vaksinering og infeksjon. Mellom anna er det prov for at infeksjon med bakterien Campylobacter jejuni kan valda syndromet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]